Human Immunobiology

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Kurset tek sikte på å gi eit djuptgåande forståing av avansert molekylær og cellulær immunologi, med fokus på aktuelle emne innan immunologifeltet.

Det blir også lagt vekt på å forklara nye konsept for immunforsvaret og immunologiske sjukdommar. I tillegg skal kurset gi ein ein presentasjon av dei immunologiske fagmiljøa og ekspertisar som er ved UiB.

Læringsutbyte

Kunnskap

  • Etter fullført emne skal studenten kunna: Kjenna igjen hovudtypar av celler, vev, signalmolekyl og bioaktive faktorar (komponentar), som immunsystemet består av.
  • Skisser utviklinga og modningsprosessen til immunkompetente celler.
  • Forstå dei grunnleggjande mekanismane for korleis immunsystemet blir aktivert og reagerer på stimuli t.d. infeksjonar, vevsskade eller kreft.
  • Ha kunnskap om grunnleggjande prinsipp for forsvar og kamp mot infeksjonar. Presentera metodar/behandling som kan styrkja immuniteten mot smittestoff (t.d. vaksinasjon).
  • Gjer greie for hovudgrupper av sjukdommar knytt til eit sviktande immunsystem (t.d.autoimmunitet, allergi og immunsvikt) og beskriva generelt sjukdomsprosessane.
  • Skissera metodar for behandling av immunrelaterte sjukdommar og symptom.

Ferdigheiter

  • Beskriv korleis immunologiske metodar kan brukast i biologisk og medisinsk forsking.
  • Nytta immunologisk kunnskap til eige forskingsprosjekt.

Generell kompetanse

  • Få spesifikk kunnskap om korleis immunsystemet fungerer ved helse og sjukdom.
  • Å kunna skilja den immunologiske komponenten i ei rekkje komplekse helsespørsmål.
  • Forstå viktigheita av å bruka immunologisk kunnskap i både førebygging og kamp motsjukdommar.

Undervisingsperiode

Vår

Studiepoeng

4 studiepoeng.
Undervisingsspråk
Engelsk
Påmelding og -fristar
1. februar for vårsemesteret.
Krav til forkunnskapar
Grunnleggjande kunnskap om immunologi og humanbiologi anbefalast.
Inngår i opplæringsdel
Del av den formelle opplæringa av doktorgradsprogrammet.
Vurderingsform
  • Vurdering av artikelpresentasjonar.
  • Munnleg eksamen, 2 timar.
  • Bestått/ikkje bestått.
  • Fagleg overlapp

    HUIMM903B overlappar med:

    Dersom kurset kombinerast med nokon av disse, vil det føre til studiepoengreduksjon med 4 studiepoeng.

    Kven kan delta
    PHD-studentar
    Program
    Program. Tal på førelesingar, seminar, omfang på aktivitetane, etc. Eksempel: ¿Førelesing/2t pr. veke/14 veker/ totalt 28 timer¿
    Fagleg ansvar

    Emneansvarleg: Yenan Bryceson (yenan.bryceson@ki.se)

    Adm. e-post: studie@kliniskmedisin.uib.no

    Kjernelitteratur

    Mitt UiB vil vise både forelesingar og kva bok som nyttast i undervisninga.:

    Abbas, Lichtman and Pillai. Cellular and Molecular Immunology. 10th Edition, 2021, Saunders, Elsevier.