Dataanalyse og programmering for samfunnsvitere

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Faget gir studentane ei innføring i korleis å gjennomføra databasert forsking i praksis.

Med konkrete forskingsspørsmål som utgangspunkt, lærer studentane korleis dei på eiga hand kan (1) finna og lasta ned relevante kvantitative data, (2) rydde og omstrukturera dataa for analyse, (3) analysera dataa ved bruk av dei vanlegaste statistiske verktøya som finst i forsking og arbeidsliv, og (4) presentera og visualisera data via tabellar og figurerer på overbevisande måtar. I praksis blir desse stega utførte gjennom programmering (i kodespråket R), og studentane vil læra korleis ein skriv alt som trengst av kode for ein databasert studie.

Målet er at studentane, etter å ha teke faget, på sjølvstendig vis kan planleggja og gjennomføra ein databasert studie frå start til slutt ved bruk av programmering.

Ferdigheitene studentane tileignar seg i faget vil vera særleg relevant til skriving av kvantitativ bacheloroppgåve, masteroppgåve, og dessutan til bruk i arbeidslivet.

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten kan

  • vise forståing for korleis databasert forsking blir gjennomført i praksis
  • vise forståing for korleis data må strukturerast og analyserast i konkrete tilfelle for å svara på samfunnsvitskaplege problemstillingar
  • reflektera over korleis forskingsresultat bør formidlast (til dømes via figurar) for å fremja tydelege og sannferdige bodskap

Ferdigheiter

Studenten kan

  • skriva oversiktleg og god R-kode for å gjennomføra ein databasert studie frå start til slutt
  • innhenta, rydda, strukturera, og omstrukturera data slik at dei lett kan analyseres
  • analysera data gjennom fleksibel og kritisk bruk av dei vanlegaste statistiske verktøya som finst i forsking og arbeidsliv (opptil og inkludert multivariat regresjon)
  • presentera og visualisera data optimalt med tanke på forskingsformidling for både eit vitskapleg og eit allment publikum

Generell kompetanse

studenten kan

  • planleggja og gjennomføra ein databasert studie som svarer på eit samfunnsvitskapleg spørsmål

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Høst
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MET102/MET104 Erfaring med bruk av statistikkprogrammet R.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Semesteressay (maks 4000 ord).

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen tilbys i undervisningssemesteret

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB. Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær kan også studenter med følgende reslutat melde seg:

  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. August melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.