Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
#UiBforklart Ukraina

Sju sider ved krigen i Ukraina

Er Putin ein diktator? Kva retoriske grep brukar Zelensky? Er vi vitne til folkemord? Korleis brukar vi media under krisa? Kva skjer med matforsyninga? Kva med maktbalansen i verda? Korleis møter vi flykningane? Sju forskarar ved UiB forklarer ulike perspektiv ved krigen i Ukraina.

uibforklart ukraina flagg Torhild Dahl
Krigen i Ukraina har følgjer for alt frå matsikkerheit til mediebruk. Sju forskarar ved UiB forklarer sider ved Ukraina- krisa sett frå deira fagfelt
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Hovedinnhold

1/7 Diktatur - Lise Rakner 

«Det er ingen tvil om at vi kan kalle Putin ein diktator. Før leia han eit autoritært regime, men no har han bygd seg eit personleg diktatur.

Han omgir seg med ein krets av lojale personar som ikkje har nokon interesse av å gi han dårlege nyhende, så han får ikkje full og sann informasjon. Korleis løyser han det? Jau, ved å lage informasjonen! Og så typisk for diktatoren, så skriv han om på historia. Den brutale fortida har no blitt del av ei nasjonalistisk folkefortelling.

Det diktatoren fryktar mest er masseopprør eller eliteopprør, men Putin har kvitta seg med begge trugslane. Han har trua folket sitt til tausheit, og fabrikkert denne falske forteljinga som sikrar han støtte.

Dessutan har han kvitta seg med alternative elitar, som frie organisasjonar og politiske motstandarar. Gjennom nær 200 grunnlovsendringar har Putin tatt makta frå presse, domstolar og sivile institusjonar. Han har hogd av bitar frå demokratiet, og gitt makta til seg sjølv. Slik opptrer ein diktator.»

Lise Rakner, professor i statsvitskap

2/7 Doomscrolling - Brita Ytre-Arne

«Når du sit og skrollar gjennom dommedagsnyheiter og får ei kjensle av å vere fanga i ein straum av mørke og forstyrrande nyhende, då doomscrollar du. Eg skjøner at folk ser på kattevideoar for å få ei pause.

Vi såg dette under pandemien, og vi ser det no igjen under krigen i Ukraina. Dommedagsskrollinga kan gå ut over søvn, konsentrasjon og gjeremål i kvardagen. Vi granska korleis folk brukte media under den første nedstenginga under pandemien. Då såg vi at nyheitsbruken gjekk rett opp, men kort tid etter så gjekk bruken ned igjen. Ein orka rett og slett ikkje kontinuerleg oppdatering.

Akutte kriser set oss i ei klemme mellom å skulle få med oss det som er viktig, og å skjerme oss sjølve. Det å ta pause frå doomscrollinga er ein naturleg, menneskeleg respons, og betyr ikkje at vi ikkje bryr oss. Ein kan vise solidaritet og engasjement på andre måtar.»

Brita Ytre-Arne, professor i medievitskap 

3/7: Matforsyning - Peter Andersen

«Den aller beste matjorda i verda er no belagt med miner. Eit produktivt areal som om er dobbelt så stort som Danmark er fullt av sprengstoff, og det er usikkert om ein kan så eller gjødsle noko der. Ein krig i Ukraina er faktisk den dårlegaste nyheita ein kan tenkje seg for den globale matvaresituasjonen.

Eg brukar å vise studentane mine kartet over jordartar, og der, i Ukraina finn vi det beste av det beste! Jorda der heiter Tjernozem, etter det russiske ordet for svart. Ukraina har også det mest optimale klimaet, og er ikkje ramma av tørke slik dei er lenger aust. Difor er Ukraina ein av dei største produsentane i verda av mellom anna kveite, rug, mais, bygg og solsikkeolje.

Russland er ein stor produsent av kunstgjødsel, og Kviterussland av råstoff til kunstgjødsel, men all slik produksjon er på ulikt vis ramma av krigen. Dette vil gå ut over matproduksjon i heile verda.

Det er som vanleg ikkje vi i Noreg som blir verst ramma, for vi har råd til å betale. Men kva skjer når dyrare mat og inflasjon gjer det enda meir umogleg å leve i fattige og ustabile land som Yemen, Syria, Egypt eller Libanon? Risikoen for at konflikten spreier seg aukar. Når folk blir svoltne så blir det lett opprør.»

Peter Andersen, førsteamanuensis i geografi

4/7: Flyktningar - Susanne Bygnes

"Folk har eit brennande ønske om å hjelpe. Det oppstår ein augeblink i det privilegerte livet ditt der du kan gjere noko for nokon som har det mykje verre enn deg sjølv. Ein blir nesten skuffa viss ikkje flyktningane kjem.

Det hjelp sjølvsagt på velviljen at dei som er på flukt liknar på oss sjølve, både fysisk, religiøst og kulturelt. Dei har nabogrense med Russland, som oss, og dei blir valsa over av ein aggressor, slik vi vart valsa over for 70 år sidan. Det er lett å relatere.

Dette personlege engasjementet såg vi også under flyktningstraumen frå Syria i 2015, då det faktisk var køar av folk som ville skru saman senger på asylmottaka.

På statsnivå var det langt meir blanda respons, og mykje som hadde med flyktningar å gjere vart problematisert i det offentlege ordskiftet. Det vart eit svarteperspel der dei fleste landa i Europa ville sende ansvaret for flyktningane vidare. Angela Merkel i Tyskland var eit unnatak her, med si haldning om at «dette skal vi få til».

Samtidig er statane si haldning til folk på flukt frå Ukraina oppsiktsvekkande ulik haldninga til folk på flukt i 2015. Dei europeiske landa samarbeider, og norske kommunar står klare."

Susanne Bygnes, professor i sosiologi

5/7: Talene - Jens Kjeldsen

«Zelenskyj gjenføder talekunsten ved å bruke antikke retoriske grep saman med moderne media. Stemma hans er djup og roleg, og han har rolege rørsler som signaliserer kontroll og ingen panikk. Med den grøne genseren kombinerer han tre roller i ein. Han er president i palasset med flagget bak seg, han er militærleiaren i den grøne fargen, og han er mennesket Zelenskyj i ei heilt vanleg t- skjorte.

Talene brukar gjenkjenning og identifikasjon slik ei kvar god tale må gjere. I det britiske parlamentet siterte han Churchill, og til den amerikanske kongressen sa han at «vi opplever 9/11 kvar dag». Alle nasjonane han snakkar til får sine parallellar. I USA sto plutseleg republikanarar og demokratar og applauderte entusiastisk om det same innhaldet. Det er sjeldan altså! Publikum seier dei kan kjenne dei sterke kjenslene i rommet, og det kan ein berre oppleve samtidig og i fellesskap. Video - talane lærer oss at det er viktigare at publikum er i same rom, enn at enn at talaren er i rommet.

Talene skal også skape internt samhald. Når Zelenskyj går rundt i gatene gir han det visuelle beviset på at «vi kjempar saman, og vi gir oss ikkje». Utan det digitale hadde ikkje dette vore mogleg.

Vi veit at han sit midt i krigen, og han klarer den vanskelege balansen mellom å gi oss rett mengde skuldkjensle og trong til å hjelpe.»

Jens Kjeldsen, professor i retorikk

6/7: Folkemord - Siri Gloppen

«Massakrane på sivile ukrainarar er krigsbrot og brotsverk mot menneskeheita. Eg meiner at det også kan reknast som folkemord.

I tala Putin heldt 16. mars hevda han at ukrainarar berre er russarar som likar vesten, og at dette må rettast med makt, «reinskast» og «spyttast ut». Andre går mykje lengre i tankegangen om reinheit. Brotsverka ber preg av ein overordna strategi, og retorikken signaliserer at målet er å utrydde den ukrainske nasjonen.

Eit teikn på folkemord i emning er gjerne at ein søkjer å dehumanisere fienden, så når Putin kallar den ukrainske leiinga og motstandsrørsla for nazistar og narkomane ringer alarmbjøllene.

FNs folkemordkonvensjon frå 1948 definerer folkemord som drap eller valdelege handlingar som har som hensikt å utrydde ei folkegruppe definert av nasjonal identitet, etnisitet, rase eller religion. Målet treng ikkje vere å drepe alle, men at dei sluttar å eksistere som gruppe. Bakteppet var 2. verdskrig og Holocaust, og omgrepet får oss til å tenkje på Bosnia og Rwanda.

Zelenskyj viser til eit pågåande folkemord som argument for auka militær støtte. Også Putin hevdar at det har skjedd folkemord i Ukraina, mot den russisktalande minoriteten i Donbas, og påskotet for å gå til krig var å stoppe dette. Slik søkte han å gi krigshandlingane både folkeleg støtte og folkerettsleg legitimitet, men påstanden om folkemord vart raskt slått ned av Den internasjonale domstolen i Haag.»

Siri Gloppen, professor i statsvitskap og leiar for LawTransform

7/7: Maktkrigen - Don Kalb 

«Dette er ein global krig og ikkje berre ei lokal, regional eller europeisk konflikt. Ja, Russland har angripe Ukraina, og krigshandlingane skjer lokalt. Ein må likevel skjøne at krigen er vevd saman med maktkampen mellom USA og Russland, med Kina som ein ny, global aktør.

Heilt sidan Sovjetunionen fall har vest og aust kjempa om å forme Ukraina, og då Ukraina vedtok at dei ville søkje medlemsskap i NATO hadde USA vunne ein viktig siger i kampen om Ukraina si orientering. Ein må sjå det russiske angrepet i lys av dette.

Det vestlege fellesskapet har vore i ferd med å gå i oppløysing under nasjonalistiske strøymingar og splitting. Tenk berre på Brexit og på Trump! No skjer det motsette av det som høgrenasjonalistane ønskjer. Det europeisk samhaldet stig, EU og Nato si prestisje aukar, og det heile skjer under amerikansk leiarskap. Det er fasinerande å sjå.

Krigen samlar vesten, men samtidig er globale politiske alliansar i spel. Vesten risikerer å miste det globale sør, då store nasjonar som India og Sør Afrika ikkje har støtta opp om vesten si line. Med den finansielle krigføringa mot Russland gir USA og vesten også eit viktig signal til Kina. Dei seier «sjå kva vi kan gjere om de ikkje dealar med oss på fredeleg vis. Vi kan blokkere reservane dykkar og stenge dykk ute frå dei globale systema».

Don Kalb, professor i sosialantropologi, UiB

...........

Serien #UiBforklart fart først publisert på Facebook i april 2022.