Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
RETNINGSLINJER

Søk om Polyfons sommarstipend

Polyfon lyser ut sommarstipend for studentar kvart år. Frist: 1. mars kl. 13.00. Fell fristen på ein laurdag eller helgedag, aksepterer vi søknader som kjem innan kl. 13.00 første kvardag etter dette. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.

Plakat med informasjon om Polyfons sommarstipend for studentar, søknadsfrist 1. mars
Sommarstipend som sommarjobb? Sommarstipend gjev studentar høve til å arbeide med faglege tema og fagleg utvikling.
Foto/ill.:
Polyfon, UiB.

Hovedinnhold

Polyfon lyser ut to typar sommarstipend for studentar. Stipenda er finansierte av kunnskapsklynga, av GC Rieber Fondene og Agenda Vestlandet - stiftinga frå Sparebanken Norge. Les meir om bagrunnen.

Tverrfaglege sommarstipend for studentar

Stipend for studentar som jobbar med prosjekt relaterte til musikk og helse i vid forstand, der t.d. humanistiske/filosofiske, medisinske, psykologiske eller samfunnsvitskaplege dimensjonar kan vere viktige. Dette vil vere stipend som studentar ved alle dei akademiske institusjonane i klynga kan søkje på. Søknader kan utformast frå ulike faglege perspektiv og tradisjonar, men det vert forventa at tverrfagleg tematikk, inkludert musikkterapifagleg tematikk, er vurdert. 

Sommarstipend for studentar i musikkterapi

Stipend som er øyremerkte til studentar i musikkterapi ved Noregs musikkhøgskole og Griegakademiet (UiB).

Avgrensing

Det er normalt ikkje mogleg for avgangsstudentar å søkje. Avgangsstudentar på bachelorutdanningar kan søkje, med atterhald om at dei har planar om å studere vidare til ein mastergrad. Skulle dei likevel byrje i jobb i staden for, må dei gje klynga melding og seie frå seg stipendet.

Aktuelle temaområde

Det er opning for søknader med ulike temaområde. Som det går fram av retningslinjene nedanfor, er vitskapeleg kvalitet hovudkriteriet ved vurdering, samstundes som det vert gjort ei heilskapleg vurdering. Nokre aktuelle temaområda er:

  • Tverrfaglege tematikkar
  • Praksisnære tematikkar og/eller brukarmedverknad
  • Implementering og utvikling av musikkterapi som fagfelt
  • Delprosjekt av større forskingsprosjekt i dei musikkterapeutiske forskingsmiljøa
  • Oppdateringar av Polyfons kunnskapsbeskrivingar

Ta gjerne kontakt med Polyfons fagkoordinatorar i regionane sør, aust og vest for råd.

Medforskar eller brukar- eller pårøranderepresentant?

For begge stipendtypane er det mogleg å dele eit fullt stipend mellom student og medforskar/brukar- eller pårøranderepresentant, då vil ein få eit halvt stipend kvar.

Kva kan du søkje om?

Stipenda er på kr. 40.000 (trekkfritt inntil grensa for frikort) og svarar til 6 vekers fulltidsarbeid. Ein kan søkje om heile eller halve stipend. Fleire studentar kan gå saman og søkje om fleire stipend knytte til same prosjekt.

Sjå gjerne denne oversikta over tidlegare tildelte sommarstipend.

Faglege retningslinjer (gjeld begge typar stipend)

  • Polyfon arbeider med fagfeltet musikkterapi / musikk og helse, så prosjekt må ha eit fokus på fysiske, psykiske, eksistensielle og/eller sosiokulturelle dimensjonar av aktuelle relasjonar mellom musikk og helse
  • Folkehelserelaterte prosjekt i barnehage, skule og lokalsamfunn er like velkomne som prosjekt knytt til praksis innan helsevesenet
  • Prosjektkvalitet er eit hovudkriterium ved vurdering, samstundes som det vert gjort ei heilskapleg vurdering ut i frå klyngas strategi
  • Der det er relevant, vil søknader som legg til rette for tverrfagleg samarbeid også verte vurderte som særleg interessante: søknader kan då utformast frå ulike faglege perspektiv og tradisjonar, men det vert forventa at tverrfagleg tematikk, inkludert musikkterapifagleg tematikk, er vurdert
  • Prosjektet bør styrkje grunnlaget for vidare forsking og/eller praksisutvikling, vere fokusert, avgrensa og mogleg å gjennomføre innanfor ramma
  • Søknader må vise at det blir lagt til rette for brukar- og pårørandemedverknad så langt dette er mogleg og relevant, sjå Polyfons rettleiar for brukar- og pårørandemedverknad
  • For å få støtte, må studenten ha etablert rettleiingssamarbeid med ein forskar/prosjektleiar ved ein av Polyfons klyngedeltakarar
  • Dersom arbeidsoppgåvene inkluderer datainnsamling og/eller -analyse, vil spørsmål om personvern, forskingsetisk godkjenning, databehandlingsavtale og liknande måtte vurderast og det må gå klart fram av søknaden at prosjektansvarleg klyngedeltakar tar ansvar for at dette vert tatt i vare etter regelverket.

Formelle krav til søknad og rapportering

Søknader er digitale. Bruk det skjemaet du finn i faktaboksen til høgre.

Som det går fram av skjemaet, skal søknadene m.a. innehalde: 

  • Personalia på student og rettleiar
  • Kopi av ein e-post frå rettleiar, som stadfestar at hen vil vere rettleiar (og at eventuelle forskingsetiske og formelle problemstillingar knytte til datainnsamling og/eller -analyse vert tekne i vare av den aktuelle klyngedeltakaren)
  • Prosjekttittel
  • Ei prosjektskisse (maks 1200 ord), med presentasjon av bakgrunn for prosjektet, problemstilling(ar), teori, metode, og etiske aspekt
  • Beskriving av intendert såkornfunksjon (maks 100 ord), t.d. korleis prosjektet kan fremme fag- eller praksisutvikling og peike fram mot publisering / formidling
  • Tidsplan for gjennomføring (maks 100 ord)
  • Plan for formidling (maks 100 ord)

Ein kort prosjektrapport vert sendt til Polyfon seinast 31.12 det året ein får stipend.

Vi oppmodar alle studentar med sommarstipend til å dele funn og erfaringar på framtidige Polyfon-konferansar (følg med på konferanseutlysing / call for papers).