Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Forsking

Forskingsprosjekt

Her finn du ei oversikt over dei noverande forskningsprosjekta Senter for kvinne- og kjønnsforsking er involvert i.

I arkivet
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

I oversikta finn du namn og finansieringskjelde for kvart prosjekt. Klikk på prosjektet for å lese meir.

Finansieringskjelder

SKOK deltek i to pågåande, eksternfinansierte prosjekt:

  • Noregs forskingsråd fordeler årleg ti milliardar til forsking og innovasjon som bygger kunnskap for ei berekraftig framtid og møter dei store samfunnsutfordringane.
  • Globale samfunnsutfordringar er eitt av Universitetet i Bergen sine tre satsingsområde. Dette har bakgrunn i ein lang tradisjon for å fremje framifrå forskning og utdanning innanfor utviklingsrelatert forsking, med tilhøyrande samarbeid med partnarar i sør. Forskinga har hatt stor samfunnsmessig tyding og fører eit kritisk vitskapleg perspektiv inn i diskusjonar om ulike globale utfordringar.

TemPro | Noregs forskingsråd | Forskerprosjekt VAM (Velferd, arbeid og migrasjon)

Tittel: Temporary protection as a durable solution? The 'return turn' in asylum policies in Europe (TemPro)

Prosjektleiar: Seniorforskar Jessica Schultz, Chr. Michelsens Institute

Prosjektmedarbeidarar ved SKOK: Forskar Marry-Anne Karlsen og postdoktor Kari Anne Klovholt Drangsland

Prosjektperiode: 2020-2024

TemPro undersøker dei markante endringane som asyl-, integrasjons- og returlovgjevnader har teke i Nord-Europa sidan 2015. Desse endringane vektlegg i større grad enn tidligare framtidig retur, og inkluderer auka bruk av midlertidig vern, strengare krav for å få permanent opphald, og tilbakekalling av oppholdsløyver. Prosjektet nyttar eit interseksjonelt perspektiv for å utforske endringane i det juridiske landskapet og flyktningar sine levde erfaringar.

Økt midlertidigheit skaper dilemma knytt til inkludering og velferd, særleg for flyktningar som kjem frå krigsherja land som Somalia, Afghanistan og Syria. Retur er for dei fleste ein fjern moglegheit. Samtidig har dei kun avgrensa rettar i samfunnet der dei har fått vern.

Sikring av framtiden: Resiliente byer og migrasjon | Globale samfunnsutfordringar, UiB

Tittel: Sikring av framtiden: Resiliente byer og migrasjon

Prosjektmedarbeidarar ved SKOK: Stipendiat Anders Rubing og professor Randi Gressgård

Prosjektmedarbeidar ved Institutt for sosialantropologi, UiB: Professor Bjørn Inge Bertelsen

Prosjektperiode: 2019-2023

Prosjektet gir innsikt i hvordan resiliens-orienterte sikkerhetsteknologier er med på å forme globale utfordringer. Det empiriske søkelyset er på transnasjonale møteplasser eller nettverk der sikkerhetsutfordringer sirkulerer.

Prosjektet er spesielt opptatt av hvordan utbredelsen av nye sikkerhetsteknologier skaper mer subtile former for kjønnsbasert ekskludering og rasisme, og nye utfordringer knyttet til ignoranse.