Informatikk: Bioinformatikk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær56,5
- Primær50,5
- Plassar10
- OpptakskravMATRS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Bioinformatiske analyser står sentralt i ei rekkje samanhenger og kan til dømes brukast til å svare på spørsmål som: Korleis varierer gen-uttrykket til ein organisme under ulike tilhøve? Korleis kan ein bruke informasjon som DNA til å vurdere kva gener, funksjoner og metabolske vegar som finst i ei celle? Korleis endrar celler seg i ulike stadium av sjukdom? Kva molekyl er gode kandidatar for nye medisinar?
Dei teknologiske framstega innan molekylærbiologi er store og raske. Bioinformatikk er derfor viktig for industriutviklinga, spesielt innanfor farmasøytisk industri og akvakultur.
Bioinformatikk er eit studium for deg som likar å tenke logisk og systematisk, og som er interessert i både matematikk og biovitskap.
Bioinformatikk-miljøet ved Universitetet i Bergen er blant dei fremste i landet. Som student her blir du del av eit spennande miljø i sterk vekst.
Meir informasjon under
Jobb
Stadig større datamengder treng analyse, særleg innanfor helsesektoren. Mange arbeidsgivarar ønsker seg sjølvstendig løysing av datarelaterte problemstillingar og gode programmeringskunnskapar. Som bioinformatikar har du det dei treng.
Med ein bachelor i bioinformatikk er du attraktiv for mange ulike stillingar:
- Analytikar eller forskar ved forskingsinstitutt eller universitet
- Analytikar eller IT-konsulent innanfor statleg eller kommunalt byråkrati
- Analytikar, for eksempel innanfor legemiddelindustrien eller medisinteknikk
- Analytikar innanfor helsesektoren og klinikkar
- IT-konsulent innanfor mange ulike område
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informatikk (vel mellom sju forskjellige studieretningar, herunder bioinformatikk), eller eit toårig masterprogram i programutvikling ved Institutt for informatikk.
Les meir om kva du kan jobbe med
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i bioinformatikk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester:
- MAT111/MAT101 Grunnkurs i matematikk 1/Brukarkurs i matematikk 1(10 studiepoeng)
- MOL100 Innføring i molekylærbiologi (10 studiepoeng)
- INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
2. semester:
- MNF130 Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
- BINF100 Grunnleggande bioinformatikk (10 studiepoeng)
- INF101 Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
3. semester:
- BINF200 Analyse av biologiske sekvensar og strukturar (10 studiepoeng)
- STAT110 Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
- INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
4. semester:
- MAT121 Lineær algebra (10 studiepoeng)
- Examen philosophicum - enten seminarmodel eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
- MOL201 Molekylær cellebiologi (10 studiepoeng)
5. semester:
- INF161 Innføring i data science (10 studiepoeng)
- INF264 Innføring i maskinlæring (10 studiepoeng)
- BINF201 Innføring i omics (10 studiepoeng)
6. semester:
Studiekvardagen
Bachelorstudiet i bioinformatikk er eit studium på fulltid. Det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha seks forelesningar og tre seminargrupper. I tillegg kjem praktiske øvingar som rekning og programmering. Du vil òg bruke tid på lesesalen med lesing av pensumlitteraturen. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag).
Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har eit eige fagutval som blant anna arrangerer faglege og sosiale samankomstar.
Dei fleste emna i studieprogrammet er obligatoriske. Det er òg tre emne du kan velje heilt fritt blant tilbodet til UiB. Sjå kva emne UiB tilbyr.
Korleis er det å studere informatikk? Sjå intervju og videoar.
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer du?
Som bioinformatikkstudent
- blir du kjent med grunnleggjande molekylærbiologi og biologiske spørsmål som treng svar
- lærer du statistiske metodar og algoritmar for å analysere biologiske data
- implementerer du disse algoritmane og metodane i tråd med god informatikkpraksis
Les heile lista over læringsutbyte for denne graden.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike eller Tyskland, eller ein annan plass.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MATRS: Matematikk S1+S2 eller Matematikk R1.
Søknadsfristen er 15. april.