Hjem
Utdanning

Studieplan for BAMN-MAT Matematikk, bachelor, 3 år, vår 2022

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i matematikk gjev ein generell bakgrunn i matematikk. Studiet gjev trening i abstrakt tenking, og i å analysere problem av matematisk art, der løysningsmetoden ikkje nødvendigvis er kjend. Under studiet vil studentane utvikle ei evne til å sjølv setja seg inn i nye område og i å formidle matematikk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Kan tileigna seg og anvende kunnskap i grunnleggjande matematisk teori som kalkulus, lineær algebra, algebra, reell analyse og elementær topologi.
  • Kan bruka og greia ut om eit vidt spekter av metodar og teknikkar for analyse og løysing av matematiske problem.
  • Kan gjere reie for teori og korleis denne kan brukast til utvikling av nye metodar og teknikkar.
  • Kan summere opp abstrakte delar av faget.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Meistrer grunnleggjande matematiske felt som matematisk analyse og algebra.
  • Kan bruka metodar frå fleire greiner av matematikk.
  • Kan gå inn i kompliserte problemstillingar, kjenne att struktur og formulere eit problem matematisk, finne fram til eigna løysingsmetodar og tolke løysingane.
  • Kan løyse problem med ulike matematiske teknikkar.
  • Kan argumentere matematisk presist og presentere prov og klare resonnement.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan formulere seg på ein vitskapleg måte, både skriftleg og munnleg.
  • Kan bedømme om eit matematisk argument er korrekt.
  • Kan arbeide sjølvstendig og i gruppe.
  • Demonstrerer forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) + R2 og i tillegg enten:

Fysikk 1 + 2 eller

Kjemi 1 + 2 eller

Biologi 1 + 2 eller

Informasjonsteknologi 1 + 2 eller

Geofag 1 + 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 + 2

Meir informasjon finn du her: https://www.uib.no/utdanning/48685/opptak-til-grunnstudier-samordna-opptak

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

Bachelorprogrammet i matematikk inneheld 100 studiepoeng med fagleg spesialisering som består av følgjande emne: MAT111 Grunnkurs i matematikk I, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, MAT211 Reell analyse, MAT212 Funksjonar av fleire variable, MAT220 Algebra, MAT292 Prosjektarbeid i matematikk, INF100 Innføring i programmering og minst eit av emna MAT213 komplekse funksjonar, MAT224 Kommutativ algebra, MAT242 Topologi og/eller MAT243 Mangfaldigheitar. Det tiande kurset kan veljast fritt innan emne med MAT, STAT eller INF-kode. Det er tilrådd at det tiande emnet vert teke med tanke på kravet for opptak til master i matematikk.

Dei siste studiepoenga kan veljast frå andre fag, eller dei kan brukast til vidare spesialisering i matematikk.

Tilrådde valemne

Valemne bør veljast med tanke på vidare studiar. Spesielt tilrås det å velje fag slik at opptakskrava til alle mastergrader innanfor matematikk er oppfylt.
Som val i 1. semester tilrås innføringsemne i statistikk, informatikk eller andre realfag. Det er og mogleg å velje MAT221 Diskret matematikk. Ein kan gjerne ta fleire emne innan same fagområdet i løpet av dei neste semestra. For å bli lærar trengst i tillegg undervisingskompetanse i eit anna fag enn matematikk, med minst 60 studiepoeng i dette faget.

I andre semester er MAT131 differensiallikningar tilrådd.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje av emne er gitt i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt krav til forkunnskap eller tilrådde forkunnskapar på emna.

Delstudium i utlandet

Valfridommen i programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i matematikk er det valt ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for studentane våre.

Sjå http://www.uib.no/math/utdanning/utveksling for meir informasjon.

Vurderingsformer

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet kan være muntlig eller skriftlig eksamen. De fleste emner har også innleveringer av oppgaver gjennom semesteret. Vurderingsformen for hvert emne er omtalt i emnebeskrivinga.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må studenten oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Ei naturleg fortsetting på bachelorstudiet er å fullføre ein mastergrad i matematikk, med dei jobbmoglegheiter det gjev. Ein bachelorkandidat i matematikk vil ha utvikla ei evne til å kunne analysere og løyse matematiske problemstillingar som måtte dukke opp på ein arbeidsplass. Dette gjer kandidaten til dømes eigna til å arbeide i utviklingsavdelinga hjå ei bedrift innan kommunikasjon, finans og teknologi. Som bachelor må det reknas med meir spesialisering vidare internt på arbeidsplassen, men kandidaten vil stille med eit betre teoretisk fundament enn mange av kollegaene. Skuleverket har bruk for lærarar med matematikk-kompetanse på alle nivå. For å bli lærar, trengs det i tillegg praktisk-pedagogisk utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Matematisk institutt har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Matematisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Eventuelle spørsmål kan sendes til studierettleiar på programmet: Studierettleiar@math.uib.no

Tlf 55 58 28 34.