Hjem
Universitetsbiblioteket

Vilkår og retningslinjer for bruk av Bergen Open Access Publishing (BOAP)

Fylgjande vilkår og retningslinjer gjeld både tidsskrift og skriftseriar. For skriftseriar kan det etter avtale gjerast unntak for enkelte vilkår.

Hovedinnhold

  1. Tidsskriftet skal vere Open Access.
    • Tilgang skal vere gratis
    • Tilgang skal ikkje ha sperrer i form av brukarnamn/passord eller på ip-adresse
  2. Etablering av nye tidsskrift skal ha ei fagleg og vitskapleg grunngjeving.
  3. Tidsskriftet skal ha rutinar for fagfellevurdering og skal minimum tilfredsstille krav til eit nivå 1-tidsskrift.
  4. Tidsskriftet må fylgje OASPAs Code of conduct: http://oaspa.org/membership/membership-criteria/
  5. Tidsskriftet må publiserast med ein Creative Commons (CC)-lisens. UB tilrår ein CC BY-lisens, men redaksjonen kan også velje CC BY-SA eller CC BY-NC. Lisensen må godkjennast av forfattar og lisensen må synleggjerast på nettsida til tidsskriftet, på den enkelte artikkel og i fulltekst (PDF). Ein maskinlesbar versjon av lisensen må også inkluderast i artikkelen.
  6. Forfattar skal behalde opphavsretten utan avgrensingar, men gje tidsskriftet rett til å vere fyrste utgjevar.
  7. Tidsskriftet skal ha tilknyting til Universitetet i Bergen. Til dømes skal redaktør, redaksjonsmedlemmer eller tidsskriftets administrative personale vere tilsett ved institusjonen.
  8. Tidsskriftet må ha ein realistisk utgjevingspolitikk og årleg gje ut minimum seks artiklar eller fagfellevurderte bidrag i andre former
  9. Publiserte artiklar må følgje gjeldande krav om universell utforming.
  10. Om retningslinjene ikkje vert følgt, kan UB fjerne tidsskriftet frå BOAP.
  11. Vilkår og retningslinjer kan endrast.

Oppdatert 13.04.2023