Hjem
Institutt for informatikk
Nyhet fra På Høyden

IT-mann for SV-fag

Med inntoget av sosiale nettverk treng informatikk meir menneskekunnskap. Det meiner forskingsdirektøren i Yahoo!

Hovedinnhold

–  Førti år tilbake i tid handla informatikk mest om tekniske utfordringar. Då trengte ein ikkje kunnskap om menneske. I dag er det milliardar av menneske som brukar internett, no må me forstå folk, forstå brukarane, seier Prabhakar Raghavan, forskingsdirektør i Yahoo! til På Høyden.     

Raghavan er i Bergen for å delta i SWAT, Scandinavian Symposium and Workshops in Algorithm Theory, ein årleg konferanse som går på rundgang i dei skandinaviske byane. I år er det informatikkmiljøet i Bergen som er vertskap. På Høyden tok ein kaffi med Raghavan og Jan Arne Telle, professor i informatikk ved UiB etter føredraget hans på Studentsenteret.

Raghavan meiner både samfunnsvitarar og informatikarar kan dra nytte av kvarandre sin kunnskap.

– Eg meiner både samfunnsvitararar bør gjere store dataeksperiment og dataekspertar gjere meir samfunnsvitskaplege undersøkingar, seier Raghavan.

Blant sine forskarar i Yahoo! har Raghavan fagfolk både med samfunnsvitskapleg bakgrunn og informatikarbakgrunn. Men forskingsdirektøren innrømmer at det er ikkje lett for dei to leirane å lese kvarandre sine artiklar og rapportar. Framleis er det to ulike språk mellom dei to forskingstradisjonane.

Idé for UiB
Telle og Raghavan trekk fram føregangsmannen Jon Kleinberg, som ved Cornell Universitetet i USA underviser i eit kurs som kombinerer økonomi, informatikk, sosiologi og informasjonsvitskap. Nyleg har Kleinberg gitt ut boka Networks, Crowds, and Markets: Reasoning About a Higly Connected World om dette emnet.

– Dette er noko ein treng meir av, meiner Raghavan.

Telle nikkar, og luftar tanken om å opprette eit liknande tilbod ved UiB. Han kunne sjølv tenke seg å undervise i eit kurs saman med ein sosiolog eller økonom i eit kurs liknande Kleinbergs. Telle meiner eit slikt samarbeid kan vere interessant fordi spørsmåla som vert undersøkt er fundamentale og angår studentane på eit personleg plan fordi dei sjølve er brukarar av teknologien.

– Dei to forelesarane som skulle samarbeide i eit slikt kurs ville lære ein masse nytt, i det minste få ei ny vinkling på problemstillingar dei trudde dei forsto, seier Telle.

I eit slikt kurs ville Telle lagt vekt på ei god innsikt i konkrete, formelle og tekniske problemstillingar som dukkar opp. Desse krever ein god del matematiske og logiske erfaringar.

Snappa opp av industrien
– Kva meiner de om forholdet mellom universitet og data/ internettindustrien når det gjeld forsking og utvikling i dag?

Raghavan: – Forskarar i store internettselskap har tilgang til store mengder informasjon som ikkje er for alle andre, me må ta omsyn til personvern. Det er viktig å la fakultet og studentar få del i denne informasjonsmengda, men me har ein del sensitiv informasjon som ikkje kan delast. Me har likevel eit program for deling av informasjon i eit samarbeid med ein del universitet. Informasjonsmengdene våre er større enn det universiteta kan få tak i, og er interessante for forskarar. Me har bygd opp ein del kluster der me deler informasjon.

Telle: – De forskarar som er tilsett i selskap er jo også forskarar som publiserer og deler sine forskingsfunn på samme måte som oss på universiteta.

Raghavan: – Ja absolutt, me har eit ønske om å vere det. Me vil gjerne ha dei beste forskarane.

Telle: – Det gjer det også vanskeleg for universiteta å behalde folk, dei beste vert snappa opp til jobb i selskapa med det samme dei er uteksaminerte.

Raghavan: – Dette er noko som er i ferd med å verte eit globalt problem. I India og Kina går gode forskarar inn i industrien i staden for på universiteta.

Marknadar endrar seg
På slutten av nittitalet var Yahoo! ein søkemotor som også var utbreidd Noreg. På eit tidspunkt slukte Google størstedelen av marknaden i Noreg og Europa. Prabhakar Raghavan fortel at Yahoo! er store i Asia og USA i dag, men at Google dominerer i Europa.

– Kva var det som skjedde då Google tok Europa?
– Google har først og framst vore gode på lokale språk. Det gjorde at dei  vann noko i Europa. Men marknader endrar seg. Yahoo! er store i Japan og Korea. I Kina er det lokale søkemotorar som dominerer, som Baidu og Alibaba, seier Prabhakar Raghavan.