Hjem

Farmasi, master, 5 år

Farmasi er læra om legemiddel. Riktig legemiddelbruk fører til betre folkehelse, mens feil legemiddelbruk fører til personskadar og ekstrautgifter for samfunnet. Med ein mastergrad i farmasi lærer du korleis ulike legemiddel blir laga og korleis dei verkar inn på kroppen vår. Studiet kvalifiserer deg for autorisasjon som provisorfarmasøyt.
  • Lengde5 År
  • Ordinær55
  • Primær47
  • Plassar24
  • OpptakskravMEROD
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Meir informasjon under

Farmasi

Producer:
Martin Nyhammer

Kva lærer du?

Som farmasistudent får du ei brei utdanning og blir spesialist på legemiddel. Du lærer korleis du kan bruke legemiddel på ein best mogleg måte for å førebygge, lindre eller lækje sjukdommar og skadar. Farmasi er eit vidt fagområde som inkluderer kjemiske, biologiske og spesialiserte farmasøytiske emne som samfunnsfarmasi og farmasøytisk teknologi.   

Vi går også gjennom korleis du kan identifisere og utvikle legemiddelstoff, og korleis framstille legemiddel. Du lærer å hjelpe personar til å bruke legemiddel på ein riktig måte, og å kommunisere godt med kundar, pasientar og helsepersonell. 

Med ein mastergrad i farmasi kan du 

  • sjølvstendig isolere, syntetisere og analysere kjemiske stoff, framstille legemiddel og utføre kvalitetskontroll av desse 
  • ivareta sjølvstendig farmasøytiske yrkesfunksjonar i apotek, i andre delar av helsetenesta og innan farmasøytisk industri  
  • samarbeide med anna helsepersonell om optimal legemiddelbehandling av pasientar 

Les heile lista over læringsutbytte.

Studiekvardag

Farmasistudiet har eit godt studiemiljø med tett samhandling mellom deg og den som underviser. Det er også moglegheit for mange forskjellige fellesaktivitetar på fritida.    

Som ny student får du tilbod om å delta i ei mentorgruppe. Studiekvardagen er variert: Du deltar på spennande laboratoriearbeid, praksis i apotek og i sjukehuset, studentaktiv læring og gruppeundervisning, i tillegg til forelesingar. Studiet har ei god blanding av teori og praksis med eit tverrfagleg fokus. 

Undervisninga består av forelesingar, gruppeundervisning, laboratorium og praktiske øvingar, masteroppgåve (og studietur). Nokre semester har du mange laboratorieøvingar, andre gongar mest forelesingar og gruppeundervisning. I ei typisk veke har du 20-25 timar undervisning pluss sjølvstudium.  

Som farmasistudent er du tilknytt Senter for farmasi. Farmasi er eit tverrfagleg studieprogram som har undervisning både ved Det medisinske fakultet, der du held til i ulike bygg på campus Haukeland, og ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, der farmasistudentar har eigen lesesal på Realfagbygget.  

Meir informasjon under

Hvordan er det å være student ved farmasistudiet?

Producer:
Stine Mari Velsvik
 

Kva kan du jobbe som? 

Med mastergrad i farmasi kvalifiserer du for autorisasjon som provisorfarmasøyt

Farmasøytar jobbar i apotek, i industrien og i det offentlege, blant anna med  

  • utvikling, produksjon, kontroll og sal av legemiddel  
  • forsking  
  • rådgjeving  
  • undervisning, for eksempel av apotekteknikarar på VGS eller på universitetsnivå  
  • leiing av apotek (som apotekar) 
  • andre oppgåver innanfor legemiddelområdet, som godkjenning av nye legemiddel og registrering av biverknader  

Apotekvesenet er i stadig utvikling og treng farmasøytar. Sjukehus og sjukeheimar treng farmasøytar for å ivareta ei sikker legemiddelbehandling. Med kompetanse i tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper kan du jobbe med blant anna kvalitetskontroll og kommunikasjon. 

Meir informasjon under

Farmasøyt Andreas Drangevåg utenfor område merket med advarsel mot radioaktiv stråling
Farmasiutdannelsen har gitt meg dybdekunnskap om legemidler, og dette er unikt.
Andreas Drangevåg
Sykehusfarmasøyt ved Senter for Nukleærmedisin/PET, Haukeland Universitetssykehus

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du ha  generell studiekompetanse  og MEROD:  Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2.

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her

Studiets oppbygging 

Integrert masterstudium i farmasi er eit femårig fulltidsstudium som startar i august. Innhaldet i studiet vil variere: Nokre semester har du mange laboratorieøvingar, andre gongar har du mest forelesingar og gruppeundervisning. I åttande semester har du eit heilt semester med praksis i apotek, og på siste studieår vil du vere mest opptatt av oppgåveskriving. 

På farmasistudiet er vi opptatt av:  

  • Korleis finne nye aktive stoff, utvikle nye legemiddel og hjelpe fleire pasientar med å bli friske eller leve eit betre liv. 
  • Korleis utnytte dei økonomiske ressursane vi har tilgjengelege til legemiddel. 
  • Korleis sørge for at alle land har tilgang til trygge og effektive legemiddel til ein akseptabel pris.

Praksis er ein obligatorisk og viktig del av farmasiutdanninga. I løpet av praksistida i apotek vil du bli utplassert i sjukeheim saman med studentar frå andre studieprogram (TVEPS). Praksisplassar blir organisert av fakultetet.   

Emna på 1. til 4. studieår er obligatoriske. På siste studieår kan du velje mellom ulike tema til masteroppgåva og 15 studiepoeng valfrie emne. Då vel du også kor du vil vere i praksis.    

Litteraturen er på engelsk og norsk. 

Slik er studiet lagt opp:    

 1. semester  

I første semester vil du ha kortare praksisperiodar i apotek. 

2. semester  

3. semester

4. semester:  

5. semester:  

6. semester:  

7. semester:  

I sjuande semester vil du ha klinisk praksis i sjukehus, tre dagar. 

8. semester:  

I heile åttande semester vil du ha praksis i apotek. 

9. og 10. semester:  

  • Masteroppgåve i Farmasi (45 studiepoeng)  
  • Valfrie emne (15 studiepoeng) studiespesialiserande emne som studenten vel i tilknyting til masteroppgåva 

*Ex.phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle grunnstudium ved UiB. 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester i siste studieår når du skriv masteroppgåva. Vi har avtalar med universitet i Australia og Tanzania.

Les meir om utveksling på farmasistudiet

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter

Med ein master i farmasi kan du søke deg vidare til doktorgradsutdanning.

Dersom du skal godkjenne legemiddel for sal frå legemiddelindustrien, må du ha vidareutdanning som QP (Qualified Person) for å kvalifisere for denne funksjonen. 

Spørsmål om studiet?

Telefon: +47 55 58 64 00 (open 12.00 - 14.00 kvardagar) 

E-post: info.med@uib.no 

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast.

Frå og med hausten 2021 vil nye studentar på første studieår følge ny studieplan. Studentar som begynte på studiet hausten 2020 eller tidlegare følger eldre studieplan