Forsvarets Forskingsinstitutt (FFI) ved Jaran S. Olsen, Cand. scient.
Hovedinnhold
Jaran S. Olsen representerte Forsvarets Forskingsinstitutt (FFI) på karrieredagen for molekylærbiologar. Han er sjølv utdanna marinbiolog frå Universitetet i Oslo, og fortalte om arbeids- og forskingsområda ved FFI der ein nyttar molekylærbiologiske metodar.
FFI er lokalisert på Kjeller ved Lillestrøm, og har også ei forskingsavdeling i Horten (marint retta). Andre verdskrig viste at eit umoderne forsvar med krigsmateriale frå første verdskrig ikkje var tilstrekkeleg ved forsvar mot ei krigsmakt med moderne teknologi. Instituttet vart derfor grunnlagt av Stortinget i 1946. Eit av føremåla til FFI er å utvikle kunnskap og idear til effektivt forsvar av Noreg. FFI har åtte ulike hovudområder for forsking, og inkluderer biologisk og kjemisk forsking. FFI driv også utdanning på master og doktorgradsnivå i samarbeid med ulike utdanningsinstitusjonar.
Instituttet har 750 tilsette, der 486 årsverk jobbar innan forsking. Det er et ungt miljø ved FFI, og majoriteten av arbeidsstaben er under 50 år. FFI har som mål å vere innovativ, og har produsert 357 publikasjonar. Instituttet har fem ulike forskingsavdelingar, inkludert ei for beskyttelse. Her analyserer ein biologiske truslar. Dei biologiske trusselstoffa kan bli påvist i miljøprøver (jord, luft, vatn overflater) og ein brukar molekylærbiologiske og mikrobiologiske metodar for å identifisere truslane, til dømes:
- RT-PCR, immunotestar (handheldt), sekvensering, MALDI-TOF genotyping
- Metagenomics
- Heilgenom sekvensering
- Realtime NASBA (RNA amplifisering)
- FISH
- ATP
- Elektronmikroskopiering
FFI gjer også studiar på aerosolar. Eit biologisk trusselstoff kan bli spreidd som aerosol i lufta, og FFI gjennomfører testar av ulikt utstyr for hausting av bakteriar frå luft. I tillegg analyserer FFI storleiken av partiklar, talet på bakteriar i ein partikkel og overleving av bakteriar i luft. Eit av doktorgradsarbeida inkluderer analyse av luftprøver tatt i løpet av 3 døgn timar på Nathonaltheateret t-bane i Oslo. FFI studerer også ballastvatn, som kan spreie patogene bakteriar. Ein analyserer bakterien for å finne genotypen til organismen, og kan kartleggje slektskap og geografisk opphav.
Det er mogleg å søkje sommarjobb ved FFI, sjå nettsidene: www.ffi.no. FFI har ca. 50 studentar som sommarvikarar, men det er ei knapp handfull som jobbar innan molekylærbiologisk forsking. Dei som søkjer jobb må bli sikkerheitsklarert.
