Hjem

Havbruk og sjømat (sivilingeniør), master, 5 år

Bli med oss inn i den grøne framtida med UiB sitt sivilingeniørprogram i Havbruk og sjømat!
  • Lengde5 år
  • Ordinær46,5
  • Primær50,1
  • Plassar20 
  • OpptakskravSIVING
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Velkommen til studiestart på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat)!

Frammøte: Du møter måndag 12. august kl. 08.30 i Grieghallen. Oppmøte er obligatorisk for nye studentar.

Ta med: Du trenger ikkje å ta med deg noko. Du får gratis lunsj og du får anledning til å gå heim før fadderveka startar.

Program: Her finn du fullt program for studiestarten

Sjekkliste: Bruk sjekklista for å bli klar for studiestart. Du treng ikkje gjere alt før du møter opp den første dagen.  

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 30 30 eller studie.matnat@uib.no.  

Studiestart Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Meir informasjon under

Derfor er du ettertraktet hvis du studerer havbruk hos oss

Produsent:
UiB

Noreg er på veg mot eit grønt skifte, og treng ei ny næring innan fornybare ressursar. Med ei av verdas lengste kystlinjer og allereie høg teknologisk kompetanse og verdsleiande teknologi, har Noreg eit stort konkurransefortrinn innan havbruk på verdsbasis.  

Aktuelle spørsmål i vårt fag:  

  • Korleis kan næringa utviklast med minst mogleg belastning på økosystemet? 
  • Korleis fungerer samspelet mellom biologi og teknologi? 
  • Kva for teknologiske løysingar ser ein for seg framover for lukka system og resirkulering?  

Sentralt i studieprogrammet står biologien til artane i havbruk. Du får eit heilskapleg perspektiv med innsikt i avlsarbeid, fiskehelse, havbruksteknologi, optimalisering av produksjonsprosessen, kvaliteten på produktet, foredling og mikrobiologi.  

Studiet gir deg òg kunnskap om økonomi og leiing, jus, sal og marknadsføring, ulike kulturar og kommunikasjon relevant for havbruks- og sjømatnæringa. 

Dette er ein av Noregs sterkast veksande arbeidsmarknadar. For å sikre ei god utvikling treng næringa folk med kompetanse innan havbruk og sjømat. Dette studieprogrammet er skreddarsydd for næringa i samarbeid med næringa sjølv. Du kan derfor vere trygg på at kompetansen din vil vere både relevant og etterspurd. 

Møt studentar og les meir om programmet. 

Studiekvardagen

Sivilingeniørstudiet Havbruk og Sjømat ved UiB høyrer til ved Institutt for biovitskap. Fagmiljøet er stort sett samla på Marineholmen, og du vil tilbringe tid på Realfagbygget på Nygårdshøgda. Du kan nytte deg av alle opne lesesalsplassar ved Det matematisk- naturvitskapeleg fakultet. Det er mellom anna ei flott, nyoppussa lesesal du kan nytte deg av på Marineholmen. På Masternivå får du eigen plass på Høgteknologisenteret eller Biologen.  

Utdanninga er eit integrert masterprogram. Dette betyr at du ikkje tar bachelorgrad, men går fem år og får ein kombinert master- og sivilingeniørgrad. Det integrerte masterstudiet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. 

Undervisninga består av:  

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Laboratorium og praktiske øvingar 
  • Sjølvstudium  
  • Feltkurs 
  • Praksis 
  • Masteroppgåve 

Du kan reise på feltarbeid for å samle inn data som ein del av praksisemne og masteroppgåva. Du får innafor ei grense dekt utgiftene knytt til reise i samband med masteroppgåva.  

Dette studiet passar for deg som har genuin interesse for biologi og fisk. Du må like struktur, og klare fristar og intensive dagar med obligatorisk aktivitet. Undervisninga går på norsk, men litteraturen kan være på både norsk og engelsk.  

Du skal ha praksis fleire gonger i løpet av studiet. I praksisemna reiser dei fleste til anlegg i Noreg, eller du kan reise utanlands, til dømes til Færøyane. Praksisplassen finn du sjølv, eller du kan få hjelp til det. Institutt for biovitskap er partner i Sjømatklyngen med base i Bergen, og tilbyr praksisplassar i samarbeid med medlemmane i klynga. 

Masteroppgåve 

Dei to siste semestera skal du skrive ei masteroppgåve. Du vel fritt kva tema du ønsker å skrive om. Du kan velje å samarbeide med eller hos bedrifter i både inn- og utland. Arbeidet med oppgåva, samt kurs og praksis, gir deg djup innsikt i fagområdet sin vitskaplege teori og metode, og denne erfaringa og kunnskapen vil gjere deg i stand til i neste omgang å bruke kunnskapen og analysere problemstillingar på nye områder i havbruks- og sjømatnæringa. 

Jobb

Noreg er verdsledande innan havbruk og havbruksteknologi, og har stor og brei aktivitet på dette feltet.  

Med ei utdanning i havbruk og sjømat vil du være attraktiv innan havbruks- og sjømatnæringa i Noreg generelt, og som ingeniør innan havbrukssektoren spesielt. 

Dette er ei fornybar næring i sterk vekst og utvikling, som har behov for ulik kompetanse på mange nivå innanfor: 

  • oppdrett 
  • fór 
  • finansiering  
  • forsikring 
  • utstyr 

Med dennne utdanninga har du i tillegg til den biologiske bakgrunnen også innslag av teknisk, økonomisk og kommersiell kompetanse. Du vil då være skikka til å drive forretningsutvikling og entreprenørskap samstundes som du har solid innsikt i produkta og metodikk i havbruk. 

Etter mastergraden kan du gå vidare akademisk og satse på ein doktorgrad og forsking

Les meir om kva du kan jobbe med

Oppbygging

Det integrerte masterprogrammet i havbruk og sjømat er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.   

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester (haust): 

  • BIF100: Innføring i fiskehelse og havbruk (10 studiepoeng) 
  • BIO100: Innføring i økologi og evolusjon (10 studiepoeng) 
  • MAT101: Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller MAT111 Grunnkurs i matematikk (10 studiepoeng) 

2. semester (vår): 

  • BIF101: Organismebiologi for fiskehelse og havbruk (10 studiepoeng) 
  • KJEM110: Kjemi og energi (10 studiepoeng) 
  • MAT102: Brukarkurs i matematikk II (10 studiepoeng) eller MAT121 Lineær algebra (10 studiepoeng) 

3. semester (haust): 

  • BIO213 Marin økologi (10 studiepoeng) 
  • PHYS101 Grunnkurs i mekanikk og varmelære (10 studiepoeng) 
  • INF100 Grunnkurs i programmering (10 studiepoeng) 

4.semester (vår): 

  • BIF200 Havbruksteknologi (10 studiepoeng) 
  • BIO103 Cellebiologi og genetikk (10 studiepoeng) 
  • Ex.phil (10 studiepoeng) 

5.semester (haust): 

  • BIO280 Fiskebiologi I - systematikk og anatomi (10 studiepoeng) 
  • BIO291 Fiskebiologi II - fysiologi (10 studiepoeng) 
  • STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 studiepoeng) 

6. semester (vår): 

  • BIO208 Mijløpåverknad av oppdrett (10 studiepoeng) 
  • ING101 Teknologiledelse, økonomi og nyskaping (på Høgskulen på Vestlandet (HVL)) (10 studiepoeng) 
  • BIO205 Praksisperiode, lovverk og forvaltning i akvakultur (10 studiepoeng) 

7. semester (haust): 

  • BIO300A Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett (5 studiepoeng) 
  • BIO300B eller Utplassering i bedrift (5 studiepoeng) 
  • BIO206 Ernæring hos fisk (10 sp)  
  • MOØ202 Markedsføringsledelse (5 studiepoeng) (på HVL)  
  • MOØ201 Financial Management (5 studiepoeng) (på HVL) 

8.semester (vår): 

  • LAS301 og LAS303 Forsøksdyrkurs, fisk (10 studiepoeng) 
  • MOØ200 Innovasjonsteori og innovasjonsstrategi (10 studiepoeng) (HVL) 
  • Masteroppgåve (oppstart) (10 studiepoeng) 

9.semester (haust): 

  • BIO382 Akvatisk matproduksjon (10 studiepoeng) 
  • Masteroppgåve (20 studiepoeng) 

10.semester (vår): 

  • Masteroppgåve (30 studiepoeng) 

Kva lærer du?

Studiet legg vekt på innovasjon, nytenking og entreprenørskap. Du lærer å sjå heile verdikjeda i havbruks- og sjømatnæringa i samanheng.  

På studiet får du:  

  • oversikt over sentrale utfordringar og moglegheiter innan havbruks- og sjømatnæringa 
  • bidra til å løyse problem og finne løysingar for havbruks- og sjømatnæringa 
  • nytte kunnskap og ferdigheitar på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt 

Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.

Utveksling 

Det er mogleg å reise på utveksling det femte semesteret, dersom du er tidleg ute med planlegginga. Populære reisestader er Australia, USA, Canada, Danmark og New Zealand.  

Korleis søke om å reise på utveksling? 

 Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALR2: Matematikk R1 (eller S1+S2) + R2 og i tillegg anten:

  • Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her