Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innovasjon ved designtenkning

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeINNOV201
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Haust og vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Frist for å melde seg til undervisining i emnet er onsdag i veke 33 på haustsemesteret og onsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 34 for haustsemesteret og veke 3 for vårsemesteret.

Tidspunkt for første førelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Mål og innhald

Dette kurset er eit djupdykk i verktøya, metodikken og tenkegangen til designtenking (design Thinking). Designtenking er ein praktisk, menneskesentrert og prototypedreven prosess for innovasjon som hjelper team å takle komplekse, vagt definerte utfordringar på kreative måtar. desse utfordringane kan oppstå under utvikling av ye produkt og tenester, i utforminga av forretningsmodellar eller i struktureringa av organisatoriske system.

Som student vil du få designutfordringar frå leiande organisasjonar i både privat og offentleg sektor. I team vil de bruke designtenkingmetodikk for å takle desse utforddringane på vegne av og i nære samhandling med oppdragsgivar.

Designtenkarar tar utgangspunkt i den menneskelege opplevinga. Vi forstår at dei mest verknadsfulle innovasjonane er dei som adresserer viktige menneskelege behov på ein meiningsfull måte. Designtenkarar bygger grove og raske prototypar, og testar dei ut gjennom prøving og feiling. I byrjinga kan dette opplevast kaotisk og risikabelt, men verdset den raske tilbakemeldinga dette gir. Vi er opne for små feiltrinn, som banar veg for suksess. Vi trenar oss sjølve- og teama våre- til å sjå dei moglegheitene for læring som ligg i å feila.

Designtenkarar fokuserer meir på å stille dei riktige spørsmåla enn å kome med dei riktige svara. Fordi det ikkje finst ei "riktig framtid", men i staden for mange "moglege framtider", vil dette hjelpe oss å utforske moglegheiter - og til slutt finne ei best mogleg løysing.

Designtenkarar søkjer stadig moglegheiter for samarbeid og samskaping. Vi erkjenner at mikrostyring av innovasjonsprosessen ikkje berre er nyttelaust, men også kontraproduktivt. Designtenkarar frydar seg over usikkerheit, improviserer heile tida, stoler på magefølelsen og ler mykje.

Læringsutbyte

Etter fullført emne i designtenking har studenten:

Kunnskap

  • Brei kunnskap om menneskesentrert og designdriven innovasjon
  • Forståing av korleis empati driv innovasjonsprosessar
  • oversikt over korleis problem vert oppdata, idear skapt og prototypar utvikla og testa

Ferdigheiter

  • kan sette seg sjølv i andre sine sko og ta eit empatisk perspektiv gjennom observasjon og fordjuping
  • Intervjue folk for å framkalle meiningsfulle svar
  • klare å formulere eit tydeleg synspunkt, som vil syntetisere empatidriven forskning og gi den retning
  • komme med kreative idear som vl fungere som løysingar på komplekse, tvitydige utfordringar
  • bruke mange forskjellige idèverktøy som idèdugnad, bodystorming, brainwriting og skissering
  • bygge raske og grove prototyåer som tester idèen raskt og billig
  • vise fram protoypar, stille relevante spørsmål, samt få og gi gode tilbakemeldingar og gjere endringar fortløpande.

Generell kompetanse

  • samarbeide med menneske med ulik bakgrunn, og utnytte det kreative potensialet som er i eit mangfald
  • leike, ha det artig, le og ikkje ta seg sjølv for høgtidleg medan du tar det kreative arbeidet ekstermt høgtideleg
  • I fellesskap komme fram til innovative løysingar på viktige menneskelege utfordringar i ein organisatorisk kontekst i det verkelege liv
  • lære og skape nok nytt under forhold som er uforutsigbare, usikre, komplekse og tvetydige (VUCA).

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til dei Integrerte masterprogramma i sivilingeniør ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Workshops og eit gruppeprosjekt. Studentteam vil takle ekte designutfordringar ve då bruke designtenkingmetoden på vegne av og i samband med ein ekstern organisasjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om minimum 80% oppmøte

Vurderingsformer

Ein presentajon i team og refleksjon omkring teamarbeidet.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Litteraturliste

Creative confidennce by Tom and David Kelley

The Achievement habit by Bernard Roth

Programansvarleg

Programstyret for havteknologi har ansvar for fagleg innhald.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her: studie.htek@uib.no

Eksamensinformasjon