Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføringsemne i litteraturvitskap

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Innføringsemnet gir basiskunnskap i litterær analyse og fortolkings. Kurset legg vekt på innføring i dei fire hovudsjangrane: lyrikk, epikk, drama, essay

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • grunnleggjande forkunnskapar i faget allmenn litteraturvitskap
  • grunnleggjande kjennskap til dei fire hovudsjangrane og deira hovudkjenneteikn
  • elementær kjennskap til litteraturvitskapleg analyse og fortolking

Ferdigheiter

Studenten kan

  • på eit elementært nivå analysere og fortolke litterære tekstar
  • gjere greie for hovudkjenneteikna ved dei fire litterære hovudsjangrane
  • formulere grunnleggjande problemstillingar innanfor litteraturvitskapen

 

Generell kompetanse

Studenten kan

  • arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
  • leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Overlappar 10 studiepoeng med emnet ALLV101

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og fire kollokviegrupper 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å møte til to rettleiingar knytt til semesteroppgåva

Vurderingsformer

Rettleid semesteroppgåve med eit omfang på 2000-2500 ord 

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensumet omfattar opp til 6 verk fordelt på litteraturteoretiske og skjønnlitterære tekstar. Eit utval på 100 sider teori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve

    Innleveringsfrist
    21.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    07.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen