Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Biokjemi

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane basale kunnskapar i biokjemi og molekylærbiologi for å kvalifisere studentane til vidare studium innan farmasi eller human ernæring.. Studentane skal også få innsikt i eksperimentell molekylærbiologi og oversikt over bioteknologisk metodikk.

Læringsutbyte

Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar: Studentane..

  • Har brei kunnskap om grunnleggande strukturar, eigenskapar og metabolismen til karbohydrat, protein, lipid og nukleinsyrer
  • Har brei kunnskap om DNA-replikasjon, DNA-reparasjon, transkripsjon av RNA, RNA- spleising og prosessering, translasjon av mRNA
  • Har brei kunnskap om prinsippa for signalomforming og genregulering og kunne greie ut om utvalde eksemplar i detalj
  • Har brei kunnskap om energimetabolismen i celler
  • Kjenner til prinsippa for metodar for proteinreinsing og proteinanalyse
  • Kjenner til utvalde eksperimentelle biokjemiske, molekylærbiologiske og biomedisinske metodar

Ferdigheitar: Studentane..

  • Kan nytte fagleg kunnskap for å løyse biomedisinske problemstillingar knytt til underviste tema.
  • Kan utføre utvalde laboratorieanalysar og eksperimentelle analysar, og tolke dei oppnådde resultata

Generell kompetanse: Studentane..

  • Har innsikt i biokjemiske problemstillingar relevante for ernæring og farmasi
  • Kan planlegge og gjennomføre teoretisk gruppearbeid og praktiske laboratorieøvingar saman med medstudentar
  • Kjenner til relevante tryggingsbestemmingar når praktisk arbeid blir utført

Studiepoengsreduksjon

MOL101: 10 SP, MOL200: 5 SP, MOL100: 5 SP

Krav til studierett

Integrert masterprogram i farmasi eller Bachelorprogram i human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar, studentaktive førelesingar, datakurs, laboratoriekurs og kollokviar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i data-, tryggleiks- og laboratoriekurs er obligatorisk. Laboratorieprosedyrar må utførast

tilfredsstillande. Laboratoriejournalar må verte godkjend før studentane kan ta eksamen. Studentane vert oppmoda om å ta del i førelesingar og kollokvium.

Vurderingsformer

4 timars skriftleg eksamen. 

Karakterskala

A-F 

Fagleg overlapp

MOL101: 10 SP, MOL200: 5 SP, MOL100: 5 SP

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vert publisert 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.

Kontakt

Institutt for biomedisin
studie.biomed@uib.no

Emneansvarleg:
Ruth Brenk, http://uib.no/personer/Ruth.Brenk

Eksamensinformasjon