Hjem
Studentsider
Masteremne

Feltkurs i meteorologi

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOF322
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår. Emnet går kun dersom nok studentar melder seg.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet vil gje grunnleggande kunnskap om småskala prosessar i det atmosfæriske grenselaget, med fokus på lokal skala og tilhøyrande grunnleggande moderne meteorologiske instrument og måleteknikkar.

Innhald

Emnet består av førelesingar innan ulike emne og dessutan ulike praktiske oppgåver. Studentane skal, gjennom praktiske oppgåver, øvast i alle ferdigheter som er kravd ved planlegging og gjennomføring av eksperimentelle feltarbeid, inkludert kalibrering av sensorar og handsaming og lagring av data. I teoridelen blir effekten av overflateeigenskaper og vegetasjon på overføring av energi og rørslemengde til grenselaget diskutert, med spesielt fokus på varmefluks i bakken og fordampingsprosessane. Ulike metodar til å bestemme dei turbulente fluksane av varme, fuktighet og rørslemengde blir introdusert og dei vil dessutan seinare bli nytta av studentane på datasett som er innsamla i ein feltkampanje som er ein del av emnet.

I dei praktiske oppgåvene vil studentane lære om kvalitetskontroll og kalibrering av ulike meteorologiske instrument og dessutan prosedyrar for planlegging, førebuing og gjennomføring av felteksperiment. Dei vil lære om oppsett og drift av ein moderne automatisk vêrstasjon og dei deltek også i gjennomføringa av ein kort feltkampanje der målingar av ulike meteorologiske parametrar i det atmosfæriske grenselaget blir utført. I denne delen av emnet har studentane ansvaret for å dokumentere aktiviteten, analysere resultata og skrive ein sluttrapport

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har god forståing av dei prosessane og parametrane som bestemmer overflata sin energibalanse på lokal skala og kva rolle dei har for innverknaden på det atmosfæriske grenselaget
  • har oversikt over moderne målemetodar og instrumentering som blir nytta innan forskinga i det atmosfæriske grenselaget og for studiar i energibalansen til overflata
  • kan skilje mellom dei ulike intrumentkalibrering, kvalitetskontroll av data, metadata, datahandsaming og datalagring av eksperimentelle måledata.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte ulike metodar for berekning av fluksar av varme, fuktighet og rørslemengde i grenselaget
  • kan nytte relevante omgrep knytt til fordamping og varmetransport i jord
  • kan definere, planlegge, utføre, og dokumentere eksperiment og feltarbeid i meteorologi
  • kan produsere eit kvalitetskontrollert datasett klart for lagring i ein database, inkludert handsaming og lagring av måledata
  • kan gjennomføre laboratoriekalibreringar av meteorologiske instrument
  • kan nytte kalibreringsresultat for å evaluere instrumenta sin nøyaktigheit ved feltmålingar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere kva rolle lokal-skala prosessar har for meteorologi og klima
  • kan vurdere kvaliteten og usikkerheita av datasett ut frå informasjon om instrumentkalibrering, framgangsmåte for kvalitetskontroll, skildringa av data, datahandsaminga og lagring av målte data

Krav til forkunnskapar

Bachelor i klima-, atmosfære- og havfysikk (kalt Bachelor i meteorologi og oseanografi inntil haust 2017).

Tilrådde forkunnskapar

GEOF220 i tillegg til GEOF311 eller GEOF310, GEOF232, eller tilsvarande emner.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar innan aktuelle emne som dekkjer dei ulike delane av energibalansen til jordoverflata, då særleg bakken sin varmefluks og fordamping. Datahandsaming, dataformat, måleteknikkar og instrumentkalibrering.

Planlegging av ein feltkampanje, inkludert ein plan for handsaming av måledata og ein strategi for analyse av data.

Iverksetting av ein feltkampanje, dokumentasjon, oppretting av datasett, dataanaluse, diskusjonar av resultat og skriving av ein felles rapport.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Aktiv deltaking i forelesingar, laboratoriekalibreringar, felteksperiment, datahandsaming og godkjende øvingar. Gyldig berre i semesteret med undervisning.

Vurderingsformer

Bestått rapport, datasett og presentasjon av hovudresultat.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Det er vurdering kun i semester med undervisning.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Geofysisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@gfi.uib.no

Tlf 55 58 26 04