Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Innføring i marin og terrestrisk kvartærgeologi

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket 

Undervisningsstad

Bergen og Byfjorden (tokt).

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gi ei innføring i marin og terrestrisk kvartærgeologi, med fokus på klima, prosessar og avsetjingar knytte til jorda si geologiske og klimatiske utviklinga gjennom dei siste få millionar år like fram til vår eiga tid. Denne fasen av jordhistoria blir karakterisert av store oseaniske, klima- og miljøforandringar med vekslingar mellom istider og mellomistider. Emnet gir kjennskap til geologiske, atmosfæriske og oseaniske prosessar, og kva drivkrefter som har påverka denne fasen av jordhistoria.

Innhald:
Emnet tek opp tema som variasjon i havsirkulasjonen/vassmengder og vindsystem i kvartær, landheving og havnivåendringar, endringar i isdynamikk og breutbreiing, landskapsutvikling og danning av landformer og lausmassar, utvikling av havområda og av kontinentalmarginane våre, med fokus på marine arkiv og sedimentære prosessar. Emnet tek opp grunnleggjande metodar, teknikkar og utstyr som typisk blir brukte i utforsking av både terrestriske og grunnmarine område, der det blir vektlagt metodar for analyse, skildring og datering (aldersbestemming) av avsetjingar i ulike sedimentære arkiv. Emnet vil vidare formidle korleis ulike kvartære avsetjingar vert nytta til rekonstruksjon av miljø og klima i fortida, og til å forstå utviklinga og årsakene til endringane som har funne stad. Ein viktig del av kurset er praktiske øvingar der studentane sjølv kan jobbe med forskjellige aspekt av læringsutbyttet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan

  • forklare sentrale omgrep, definisjonar og teoriar innanfor faget
  • gjere greie for hovudtrekka i utviklingshistoria (marint og terrestrisk) gjennom kvartærtida og forstå dei viktigaste prosessane og årsakssamanhengane til dei store klimaendringane i denne perioden
  • forklare grunnleggjande prinsipp for havsirkulasjon og atmosfærisk sirkulasjon, samt skildre og diskutere utviklinga av havbassenga (alder og prosessar) og drivkreftene bak, konsekvensar, og kor viktige havnivåendringar er i dei geologiske arkiva
  • skildre glasiale erosjons- og avsetjingsformer og effektar som isbrear og innlandsisar har hatt på utforminga av landskapet, som for eksempel fjell, dalar, fjordar og kontinentalmargin
  • forklare metodane som vert brukte til å rekonstruere og datere klimaendringar (marint og terrestrisk) og korleis denne kan sporast i geologiske arkiv
  • gjere greie for og grunngi bruken av ulike marine og terrestriske arkiv for rekonstruksjon av klima- og miljøendringar og forklare prosessar som verkar i dei ulike avsetjingsmiljøa (marint og terrestrisk)

Ferdigheiter
Studenten kan

  • velje og bruke enkle metodar som vert nytta til geologisk og geofysisk datainnsamling både på hav og land, og rekonstruere enkle bre- og klimaendringar
  • klassifisere og eksemplifisere dei viktigaste typane terrestriske og marine glasiale landformer og forstå deira palaeo-glasiale implikasjonar
  • samanlikne og kombinere forskjellige geologisk arkiv og tolke og summere observasjonar/data/prinsipp med grafar og figurar med geosystemdata (f.eks. seismiske profilar, kjernedata, isotopseriar, tidsseriar)
  • gjennomføre enkle søk etter relevant geovitskapleg litteratur og data, samt bruke korrekt kjeldereferanse

Generell kompetanse
Studenten kan

  • bruke eit presist geologisk fagspråk til å skildre og diskutere geologiske prosessar og hendingar
  • forklare og grunngi den regionale og globale klimautviklinga over den siste glasiale/interglasiale syklusen og korleis denne kan sporast i geologiske arkiv
  • demonstrere evna til å arbeide etisk, individuelt og i samarbeid med andre
  • gjennomføre laboratorie- og feltarbeid/tokt i samsvar med GEO/UIB sine HMS-retningslinjer

Krav til forkunnskapar

GEOV101 og GEOV102 

Tilrådde forkunnskapar

GEOV104, GEOV107 og GEOV105

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av førelesingar, feltaktivitet og øvingar.
Førelesing 4 timer per veke i 11 veker
Øvingar 2 timer per veke i 11 veker
Felt, 1 dag med marint tokt i veke 38

Obligatorisk undervisningsaktivitet

2 timar øving per veke over 11 veker. Feltkurs; ein (1) dag i felt med innlevering av feltrapport. Feltrapport og øvingar må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i tre (3) semester, inkludert semesteret dei var godkjende.

Vurderingsformer

I emnet er følgjande vurderingsformer nytta:

Avsluttande skriftleg eksamen, 4 timar. Digital eksamen, se http://www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter.

Enkel kalkulator tillaten, i samsvar med modeller angitt i fakultetet sine reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

5 sp overlapp med GEOV106 og 5 sp overlapp med GEOV108

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    09.12.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    25.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen