Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i systemutvikling

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane innsikt i systemkonstruksjonsmetodar og -arbeidsprosessar.

Innhald:

Emnet er praktisk retta og gir ei innføring i konstruksjon av programsystem. Sentralt i emnet er å løyse eit stort programvareprosjekt ved lagarbeid. Emnet omhandlar prosjektorganisering, modellar for livssyklus til programvare, systemvedlikehald samt lover og reglar for programvarearbeid. Det blir lagt vekt på objektorienterte metodar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan skildra standard programvareutviklingsprosessar,
  • kan forklara viktige prinsipp for systemdesign,
  • kjenner til dei viktigaste lover og avtaleverk for systemkonstruksjon (intellektuelle rettar, avtaleverk for arbeidsliv),
  • kan teori for organisering av lagarbeid,
  • kan forklare ein vanleg notasjon for analyse og design, og
  • har kunnskap om fagområdet si historie, tradisjonar og plass i samfunnet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke etablerte teknikkar for å samle inn og analysere brukarkrav og behov,
  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske problemstillingar og grunngje val,
  • kan reflektere over eige fagleg skjønn og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det klargjer ein problemstilling, og beherskar eit integrert utviklingsverkty (IDE) og eit versjonskontrollsystem.

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar,
  • kan planleggje og gjennomføre programvareprosjekt i team,
  • kan planleggje og gjennomføre programvareprosjekt i tråd med etiske krav og retningslinjer,
  • kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innafor fagområdet og gjennom dette bidra til god praksis.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INF101

Studiepoengsreduksjon

INFO212: 10 stp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

4 timar forelesing og 2 timar gruppeundervisning. Moglegheit for blokkundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering. Prosjektarbeidet er gyldig i to semester: semesteret det blir godkjent og eit påfølgjande semester. I tillegg skriftleg skuleeksamen på 3 timar.

Både prosjektarbeidet og skuleeksamen må være bestått. Forelesar vil ved semesterstart spesifisere korleis prosjektarbeid og skriftleg eksamen vert vekta.

Hjelpemiddel til eksamen

Lovlege hjelpemiddel vert kunngjort i starten på kvart semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@ii.uib.no

Tlf 55 58 42 00

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    24.05.2023