Hjem
Utdanning
Masteremne

Kompleksitetsteori

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeINF235
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Eit problem sin kompleksitet forklarar om eit problem i det heile let seg løyse ved hjelp av algoritmar og kor mykje ressursar (tid og plass) som i så fall krevst for å løyse problemet algoritmisk. Emnet går inn på problem som ikkje kan løysast og problem som det er vanskeleg å lage effektive algoritmar for. Vi ser på korleis vi kan kjenne att desse problema.

Innhald:

Emnet gir ein presis formell definisjon av algoritmeomgrepet (via Turingmaskinar). Hovudvekt blir lagt på sentrale kompleksitetsklassar, særleg NP-komplette problem.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • Har ein djupare forståing av kva ein algoritme er og kva for problem som kan løysast ved hjelp av ein algoritme.
  • Forstår samanhengen mellom formelle språk og Turingmaskinar.
  • Kjenner ulike kompleksitetsklassar og samanhengen mellom desse.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Kjenne att problem som ikkje kan løysast og NP-vanskelege problem.
  • Bevise NP-komplettheit for enkelte grunnleggjande vanskelege problem.
  • Utføre reduksjonar mellom ulike berekningsproblem

Generell kompetanse

  • Studenten kan kjenne att vanskelege problem, og bidra til forsking som går ut på å klassifisere nye problem som vanskelege eller handterlege.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INF234

Studiepoengsreduksjon

I235: 10 SP

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gjevast i form av førelesningar og gruppeøvingar.

Førelesningar 4 timer i veka, gruppeøvingar 2 timer i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.
Opp til 30% av karakteren blir satt på grunnlag av aktivitet i løpet av semesteret, som innleveringsoppgåver og midtsemestereksamen i førelesningstimane. Informasjon om aktivitet som teller på karakteren og vekting av desse vil bli gjeve i byrjinga av semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.no studierettleiar

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studierettleiar

Tlf 55 58 42 00

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Dato
    16.09.2019
    Trekkfrist
    02.09.2019
    Sensur kunngjøres
    17.09.2019
    Andre opplysninger
    Klokkeslett avtales med emneansvarlig til INF235.