Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Mikroøkonomi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeITØK101
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Målet for kurset er å gje ei elementær innføring i faget samfunnsøkonomi, og i mikroøkonomisk teori spesielt. Gjennom kurset vert studentane kjende med sentrale omgrep og analytiske resultat innafor konsument-, produksjon- og marknadsteori.

Kurset startar med ein diskusjon av kva samfunnsøkonomi inneber, og held fram med ei innføring i sentrale samfunnsøkonomiske omgrep som marknad, rasjonalitet, likevekt, modell, strategi og analyse. Etter dette går ein inn på kva slags fenomen og problem økonomar studerer og korleis økonomar tenkjer. Videre vert det gitt ei innføring i teorien om etterspørselen til den enkelte konsument etter varer og tenester. Etter dette går ein gjennom produksjons- og kostnadsteorien og utleier med bakgrunn i denne den enkelte produsent si tilpassing. Vidare vil ein ta for seg sentrale delar av marknadsteorien. Det blir her lagt vekt på å karakterisere ulike typar av marknader, så som frikonkurranse, monopol og mellomformer av desse. Kurset tar også for seg tilbud og etterspørsel etter arbeid, risikopreferanser, og intertemporale valg.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Kan gjere greie for sentrale omgrep som marknad, rasjonalitet, likevekt og modell
  • Har kunnskap om den grunnleggjande teorien for konsumentar sine økonomiske val, og korleis denne gir opphav til etterspurnadsfunksjonar.
  • Har kunnskap om samanhengen mellom produktivitet og kostnader for produsentar, og korleis denne gir opphav til tilbodsfunksjonar.
  • Kjenner til teoriar for korleis pris dannast i marknader prega av ulike typar konkurranse.
  • Har kunnskap om hvordan mikroøkonomi kan brukast til å forstå samfunnsaktuelle problemstillinger.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan gjere greie for sentrale omgrep i mikroøkonomisk analyse, til døme effektivitet, tilbod og etterspurnad, marknadsjamvekt og ulike kostnadsomgrep.
  • Kan gjere greie for og samanlikne prisdanning i marknader med ulik grad av konkurranse ved hjelp av enkle modellar og figurdrøfting.
  • Kan gjere greie for korleis samfunnsøkonomisk overskot fordelar seg mellom produsentar og konsumentar i ulike typar marknader ved hjelp av enkle modellar og figurdrøfting.
  • Kan gjere greie for korleis offentleg regulering og tilsyn kan motarbeide uheldige sider ved manglande konkurranse.

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • Kan følgje uformelle økonomiske resonnement knytta til faget, for eksempel innhaldet i faglige utgreiingar eller politiske diskusjonar.
  • Har trening i å framstille resonnement ved hjelp av modellar og figurar.
  • Har trening i å ta økonomiske beslutninger gjennom deltakelse i eksperiment.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

10 studiepoeng med ECON110

Krav til studierett

Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske seminar og to obligatoriske oppgåver. Det er obligatorisk oppmøte på minst 67% av seminarene.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Skriftleg 4 timar eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

  • Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
  • Hewlett-Packard HP30
  • Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innen 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet. 

Kontakt

Institutt for økonomi

itok@uib.no

Tlf: 55 58 92 26