Statistikk for språk- og kognisjonsforskning
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeLINGSTAT
- Talet på semester1
- Språk Norsk, engelsk ved behov.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi studentane ei innføring i hypoteseprøving innan språk- og kognisjonsvitskap. Emnet gir eit grunnlag til forståing av statistisk hypoteseformulering, forsøksplanlegging, og analyse av resultat med statistiske testar. Emnet gir ei forståing for normalfordeling, z-verdiar og parametriske og ikkje-parametriske testar. Studentane vil bli kjende med omgrep som varians, standardavvik, sentralmål, statistisk signifikans, relevans, og type I- og II-feil.
Studentane skal kunne lese og evaluere vitskapleg litteratur med statistisk argumentasjon. Dei skal kunne grunnlaget for evaluering av statistisk signifikans og relevans. Undervisninga er lagd opp sånn at studentane skal sjå korleis statistikk er relevant for språkvitskap og kognisjonsvitskap ved hjelp av relevante eksempel. Dei skal òg kunne velje ein riktig statistisk test og utføre analysen ved hjelp av eit eigna statistikkprogram, t.d. R.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar om...
- statistiske teknikkar og modellar
- god praksis for statistisk analyse av eksperimentelle data innan språkvitskap og kognitiv vitskap
- teoriar og konvensjonar innan statistisk analyse
- ulike måtar til å formidle statistiske resultat best mogeleg
- analytiske modellar.
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- bruke statistisk programvare, til dømes R
- bruke teoriar og konvensjonar til å skape analysemodellar
- rapportere statistiske resultat korrekt i tekst og grafar.
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- jobbe sjølvstendig med eit empirisk materiale
- velje korrekte testar for enklare eksperimentdesign
- ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar
- sette inn statistisk analyse i ein relevant fagleg samanheng
- forberede eksperimentelle design som er eigna for statistisk analyse.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
God forståing av grunnlegjande matematikk.
Studiepoengsreduksjon
DASP106, DASP302, DASPSTAT, KOGSTAT: 5 studiepoeng.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger, sjølvstudium og øving ved datamaskin med statistikkprogram.
Undervisning innehold forelesninger med eksempel innan språk som forskingsfelt og demonstrasjon av korleis data vert formaterte og automatisk prosesserte med hjelp av statistikkprogram. Aktiv deltaking er ein føresetnad for emnet. Fordjuping og eksemplifisering skjer gjennom øvingar på datamaskin, der studenten skal få ei praktisk forståing for statistisk prosessering. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsetjingane skal verte dekte av førelesningar og seminar; eit visst mål av sjølvstudium vert forventa gjennom lesing av pensumlitteratur og aktiv deltaking på øvingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein skriftleg rapport skal leverast inn, som skildrar løysinga til ei vald oppgåve. Øvingsoppgåva må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Godkjenninga er gyldig i totalt tre (3) semester, inkludert undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Tre dagars heimeeksamen, med løysing av statistisk analyse og rapportering av funn i ca. 3000 til 4000 ord.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne, men studenten må arbeide sjølvstendig.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Ca. 800 sider undervisningslitteratur og dokumentasjon.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for språkvitskap
Emneansvarleg
Programstyret for lingvistikk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 05.06.2023, 13:00
- Innleveringsfrist
- 08.06.2023, 13:00
- Trekkfrist
- 22.05.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen