Perspektiv i psykologisk vitskap
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMAPSYK301
- Talet på semester1
- SpråkNorsk eller engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen
Mål og innhald
Målet er å gje studentane ei inngåande forståing for nokre av dei overgripande teoretiske perspektiva i psykologi, og korleis dei verkar på analysenivå og forståing. Nokre av perspektiva er biologisk/evolusjonært perspektiv, kognitivt perspektiv og sosialt/kulturelt perspektiv.
Emnet skal gje studentane ei nyansert forståing av korleis perspektiva er i) nedfelt i konkret psykologisk forsking i dag, ii) integrert med forklaringsnivå, og iii) har samfunnsrelevans.
Emnet har som mål å gje studentane inngåande kunnskap om psykologi som vitskap, gje eit kvalifisert oversyn over forskingsdisiplinar i faget og gje ei djup forståing for dei vitskapsteoretiske fundamenta for psykologifaget. Studentane skal samstundes bli kjende med den forskinga og dei forskingsgruppene som er knytt til masterstudiet.
Læringsutbyte
Kunnskap
Studenten har...
- inngåande kunnskap om sentrale perspektiv i psykologi.
- spesialisert kunnskap om grunnlaget for hovudtilnærmingane til psykologien: biologi/evolusjon, kognisjon og omgjevnadar/kultur.
- kunnskap om ulike analysenivå og korleis desse kan hengje saman.
- kunnskap om korleis dei vitskapsteoretiske forutsetningane for psykologien påverkar forsking og praksis.
- inngåande kunnskap om pågåande metodologiske og teoretiske diskusjonar i psykologifaget
Ferdigheitar
Studenten skal...
- kunne identifisere kva for perspektiv og analysenivå som ligg til grunn for psykologiske tekstar og forskingsarbeid.
- kunne drøfte likskapar og skilnader mellom psykologiske perspektiv.
- kunne nytte ulike perspektiv for analyse av psykologiske problemstillingar.
- kunne identifisere implikasjonar av psykologiske perspektiv for forsking og praksis.
- kunne meistre akademisk skriving og kritisk lesing av forskinglitteratur.
Generell kompetanse
Studenten skal...
- kunne reflektere over kva som kjenneteiknar psykologi som vitskapleg disiplin og som praksisfelt.
- kunne reflektere over relevansen ved ulike perspektiv og analysenivå i forsking og praksis.
- kunne reflektere over dei ulike menneskesyna som kjem til uttrykk i ulike psykologiske perspektiv.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet i psykologi eller masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.
Arbeids- og undervisningsformer
- Førelesingar, totalt 18 timar.
- Seminar med studentaktivitet, totalt 12 timar
- Ei individuell oppgåve med individuell munnleg tilbakemelding frå faglærar
- Ei gruppeoppgåve med munnleg tilbakemelding frå medstudentar under rettleiing av faglærar
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
- Førelesingar, totalt 18 timar.
- Seminar med studentaktivitet, totalt 12 timar
- Ei individuell oppgåve med individuell munnleg tilbakemelding frå faglærar
- Ei gruppeoppgåve med munnleg tilbakemelding frå medstudentar under rettleiing av faglærar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av 2 oppgåver og deltagelse på presentasjonsdag. Vert godkjent av faglærar.
Vurderingsformer
Skuleeksamen (4 timar) Studenten skal svare på 2 av 3 oppgåver.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Institutt
Institutt for samfunnspsykologi
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen
- Dato
- 07.02.2022, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 02.02.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen