Hjem
Studentsider
Masteremne

Endodonti + godkjent klinikk

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeOD4ENDO
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust (emnet går over to semestre)

Mål og innhald

Emnet omhandlar etiologi, diagnose, førebygging og behandling av sjukdommar og skadar som involverer tannpulpa, samt føljetilstandar av desse.

Kandidaten skal kunne førebygge, diagnostisere og behandle endodontiske sjukdommar og tannskadar som involverer tannpulpa og det apikale periodontiet. Studiet tar for seg tema som akuttbehandling, rotbehandling, førebygging, prognosevurdering og evaluering av utført arbeid. Vidare skal kandidaten vere i stand til å vurdere behandlingsresultatet. Det er forventa at den uteksaminerte kandidaten kan handsame dei fleste av dei endodontiske problema som oppstår i allmennpraksis. Den kliniske praksisen byggjer på eksisterande kunnskap frå grunnleggjande vitskapelege disiplinar som oral mikrobiologi, fysiologi, oral anatomi og biomateriallære.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten:

¿ forklarar førebyggjande, endodontiske behandlingsprinsipp og tiltak for å bevare pulpavitalitet, basert på grunnleggjande kunnskap (anatomi og biologi) om pulpa-dentin-organet

¿ forklarar sirkulatoriske forhold i normal og inflammert pulpa

¿ greier ut om kva rolle ulike nervefibrar har på smerter frå pulpa

¿ gjer greie for immunsystemet og sjukdomsprogresjonen ved pulpale og periapikale sjukdommar

¿ forklarar rollen til orale mikrobar i endodontiske sjukdommar

¿ gjer greie for orale vev sine reaksjonar på endodontirelaterte problem

¿ forstår kva rolle endodontiske infeksjonar spiller for systemiske sjukdommar

¿ skil mellom pulpale og periapikale diagnosar

¿ forstår ulike behandlingsmodalitetar innan førebyggjande endodonti og konservativ endodontisk behandling

¿ gjer greie for ulike rotfyllingsmaterial og teknikkar

¿ vurderer indikasjon for ny behandling og behandlingsmoglegheiter for ein tidlegare rotfylt tann

¿ gjer greie for dentale biomateriale relatert til endodonti

Ferdigheiter

Studenten:

  • gjennomfører ei fullstendig undersøking av pasienten med eit endodontisk relatert problem
  • kommuniserer med pasienten for å innhente fullstendig og relevant anamnese og set endodonti inn i ein heilskap for pasienten
  • stiller diagnose og legg behandlingsplan med fokus på det beste for pasienten
  • handterer dei fleste endodontiske problem som finst i allmennpraksis, samt evaluerer behandlingsresultat
  • bedømmer behov for restaurering av endodontisk behandla tenner
  • handterer naudsynt akuttbehandling
  • utfører bleiking av rotbehandla tenner
  • kontrollerer og evaluerer endodontisk behandling (inkludert kirurgisk endodonti)

Generelle kompetanse

Studenten viser naudsynt empati og haldningar overfor pasienten og har fokus på kvalitet i arbeidet sitt.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått femte semester i Integrert masterprogram i odontologi

Studiepoengsreduksjon

OD3END-K4 - 3SP

Krav til studierett

Integrert master i odontologi, MAOD-ODONT

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, seminar, temabasert læring og klinisk pasientbehandling

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningen omfatter forelesninger, demonstrasjoner, seminarer, propedeutisk kurs og klinisk undervisning. Fagspesifikk klinisk undervisning starter etter fullført propedeutisk kurs og avsluttes i 8.semester. Undervisningen fortsetter så inn i blokken allmennodontologi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten må delta i temabasert læring, kasuspresentasjon og egenvurdering av kliniske aktivitetar. Godkjent fagspesifikt klinisk kurs er ein føresetnad for å få ta eksamen.

Vurderingsformer

4 timers skriftleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/ Ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember før emnet tar til i 6. semester og gjort tilgjengeleg via Mitt UiB.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem hvert 3. år.

Programansvarleg

Programutval for odontologiske fag

Emneansvarleg

Førsteamanuensis Sivakami Rethnam Haug

Administrativt ansvarleg

Institutt for klinisk odontologi

Institutt

Institutt for klinisk odontologi