Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Læring i og for arbeidslivet

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Studiet har som mål å utvikle grunnleggjande forståing for forholdet mellom kunnskap, læring og opplæring i arbeidsliv og profesjonar. Dette inneber eit fokus på læring- og opplæringssituasjonar for, og på, arbeidsplassen. Emnet introduserer ulike teoretiske perspektiv på kunnskapsprosessar og læring som sosial praksis, og viser korleis perspektiva kan bidra til å forstå vilkår for læring og utvikling. Emnet vil gje ei innføring i omgrep som uformell læring, taus kunnskap, artefakter og identitet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten...

  • kan gjere greie for ulike perspektiv på forholdet mellom kunnskap, læring og opplæring
  • kan forstå praktiske læringssituasjonar i lys av ulike teoretiske persepktiv
  • kan diskutere forholdet mellom formell og uformell læring og opplæring i arbeidslivet
  • kan diskutere forholdet mellom identitet, læring og arbeid

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan reflektere over forholdet mellom opplæring, læring og syn på kunnskap
  • kan diskutere praktiske problemstillingar knytt til opplæring og læring

 

Generell kompetanse:

Studenten...

  • kan bruke faglege omgrep og teori på ein relevant måte
  • kan diskutere faglege problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på årsstudiet og bachelorprogrammet i pedagogikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er lagt opp som ein kombinasjon av førelesingar, litteraturstudiar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er heimeeksamen over ei veke.

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

PED211 = 15 studiepoeng i reduksjon

Vurderingssemester

Vår og haust 

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    26.05.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    02.06.2021, 13:00
    Trekkfrist
    12.05.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen