Vitskapelege metodar
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodePED210
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15 stp
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studentane ei grunnleggjande innføring i ulike metodiske tilnærmingar og grunnleggjande normer for vitskapleg praksis i disiplinane pedagogikk og spesialpedagogikk. Dette inneber kvalitative og kvantitative framgangsmåtar samt deira vitskapsteoretiske og forskingsetiske grunnlag. Emnet har også som mål å gjere studentane i stand til å tenkje kritisk om kunnskap som ligg til grunn for pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd.
Innhald:
Emnet tar for seg korleis ein planlegg forskingsprosjekt. Dette inneber blant anna korleis ein går fram for å utforme eit forskingsprosjekt på bakgrunn av ein vald problemstilling, ulike framgangsmåtar ein kan velje mellom, samt etiske forhold som ein må ta omsyn til undervegs. Emnet vil og handle om kva som gjer forsking truverdig og påliteleg, og kva slags metodar som kan eigne seg til å forstå, forklare og diskutere ulike pedagogiske eller spesialpedagogiske fenomen og problemstillingar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om ulike vitskapstradisjonar og forståing av samanhengen mellom desse og ulike forskingsdesign
- har kunnskapar om kvantitative og kvalitative forskingsmetodar som vert nytta i fagområda pedagogikk og spesialpedagogikk
- har kunnskap om kriteria for god forsking, t.d. forskingsetikk og kjeldekritikk.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan identifisere, diskutere og kritisk vurdere metodeval og design i pedagogisk og spesialpedagogisk forsking
- kan identifisere og diskutere ulike forskingsetiske dilemma
- kan formulere ei problemstilling som lar seg undersøkje og utforme eit forskingsdesign
- kan tolke og analysere kvantitative og kvalitative data
Generell kompetanse
Studenten:
- har utvikla kritisk vurderingsevne og djupare forståing av vitskapleg tenkjemåte og praksis
- kan reflektere over kunnskapsgrunnlaget for pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd
- har kompetanse i å vurdere argumenter si truverd og gyldigheit
- har kompetanse i systematisk utforsking av pedagogiske og spesialpedagogiske fenomen og problemstillingar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
PSYK202 = 15 studiepoeng i reduksjon
Krav til studierett
Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram:
- Bachelorprogrammet i pedagogikk
- Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk
- Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
- Bachelorprogrammet i generell psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i økter som kombinerer førelesing og seminarverksemd. Den organiserte undervisninga har eit omfang på 12x3 timar.
Læringsutbyte i emnet føreset aktiv deltaking i undervisninga som i hovudsak vil vere organisert fysisk på campus.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Møte førebudd og delta på alle seminara
- Munnlege presentasjonar og gruppearbeid i seminargruppene
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for å gå opp til eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Heimeeksamen over 5 dagar
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med UIB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 24.04.2023, 09:00
- Innleveringsfrist
- 28.04.2023, 15:00
- Trekkfrist
- 10.04.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen