Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Leiingspsykologi

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Leiingspsykologi gir ei opplæring i sentrale teoriar og perspektiv på leiing. Med utgangspunkt i norsk og internasjonal teori og empiri, vert det undervist i ei rekkje implikasjonar av leiarskap, mellom anna knytt til organisasjonar sin produktivitet og dei tilsette sin trivsel. Eit viktig punkt i faget er å gjera studentane medvitne på dei delar av leiingsfeltet som er vitskapelig funderte.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Gjere greie for sentrale aspekt ved utviklinga av faget leiingspsykologi
  • Gjere greie for dei mest sentrale tradisjonelle og nyare teoriar om leiing.
  • Gjere greie for sentrale kritiske perspektiv på leiing.
  • Gjere greie for individ- og rolleperspektiv på leiing.
  • Gjere greie for situasjons- og medarbeidarperspektiv på leiing
  • Gjere greie for innhaldet i omgrepa leiaråtferd og leiarstil
  • Gjere greie for kulturelle aspekt ved leiing
  • Gjere greie for nokre sentrale metodar for utvikling av leiarar

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Reflektere over og drøfte ulike definisjonar av leiing
  • Reflektere over og drøfte forholdet mellom person, rolle, åtferd og situasjon knytt til utøving av leiing
  • Drøfte kulturelle forskjellar i oppfatning og utføring av leiing
  • Drøfte bruk av nokre metodar for utvikling av leiarar
  • Reflektere over og drøfte samanhengen mellom leiing og organisasjonar sin produktivitet, samt tilsette sin trivsel

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten

  • På eit grunnleggjande vis kunne identifisere og reflektere over sentrale leiingspsykologiske problemstillingar
  • Ha tilegna seg ein grunnleggjande kompetanse med omsyn til korleis utføring av leiing verkar inn på organisasjon og tilsette

 

Krav til forkunnskapar

Bestått emnet PSYK110: Arbeids- og organisasjonspsykologi. Emnet krever studierett på bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi eller bachelprogrammet i generell psykololgi.

Krav til studierett

Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi eller bachelorprogrammet i generell psykologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesninger, seminar, gruppeøvelser og gruppebaserte presentasjoner.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i undervisninga

Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar kor studentane skal svare på 2 av 3 oppgåver. Det nyttast gradert karakterskala (A-F). Eksamen arrangerast kvart semester.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Anbefalt litteratur, web-sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med Det psykologiske fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering. Evaluering av undervisninga skal skje minimum kvart 3. semester.

Institutt

Institutt for samfunnspsykologi.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    23.09.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    09.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted