Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Rettsstata - domstolar og dommarar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

.

Mål og innhald

Internasjonalisering av retten og rettsleggjeringa av samfunnet flytter avgjersler frå det tradisjonelle politiske feltet over til domstolar og dommarar. I den norske rettsstaten har desse aktørane i liten grad vore gjenstand for systematiske empiriske analyser. Emnet tek i hovudsak opp studiar av det norske rettssystemet, domstolar, dommarar, rekruttering av dommarar, samt avgjersler. Med utgangspunkt i litteratur og teori er kurset retta mot innsamling og tilarbeiding av norske data og konkrete empiriske analyser (i Stata).

Læringsutbyte

Kunnskap 

Studenten

  • kan vise kunnskap om sentrale prosessar i domstolshierarkiet og om dommarars posisjon og oppgåver i samfunnet.
  • har kunnskap om teoriar og debattar i overgangane mellom juss og statsvitskap.
  • har kunnskap om analyseverktøy og metodar på tvers av det juridiske og statsvitskaplege feltet.

Ferdigheiter.

Studenten kan

  • nytte den faglege kunnskapen til å utvikle hypotesar, samle inn, kode og organisere data og gjennomføre empiriske analyser av slike data.
  • problematisere analyser og formidle resultat på tvers av faggrenser.

Generell kompetanse.

Studenten kan

  • planlegge, organisere og gjennomføre analyser på nye område.
  • evaluere analyser og utveksle erfaringar på tvers av disiplingrenser, samt bidra til diskusjon, analyser og nytenking om rettsstaten.

Krav til forkunnskapar

MET102 eller JUS114

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL105, SAMPOL106, SAMPOL107, SAMPOL115 og MET102, eller to års studier i rettsvitskap (JUS133 er tilrådd).

Emnet krever gode kunnskaper i statistikk og metode, og det anbefales at en har oppnådd karakteren A eller B på MET102 eller JUS114.

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Studentar må ha gjennomført eit minimum på 90 studiepoeng, og bestått emnet MET102 eller JUS114

Oppmelding i Studentweb er søknad om opptak. Frist: søndag i uke 2.

Emnet har 15 plasser

Rangering av søkere gjøres basert på karaktergjennomsnittet av alle tidligere emner

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er delt i tre delar. Første del gjennomførast som førelesningar. Andre del gjennomførast som seminar med diskusjon av litteratur og utvikling av problemstillingar. Tredje del gjennomførast som verkstad med analyse av datafiler i Stata og studentpresentasjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i 75 prosent av seminar og verkstad. Godkjend presentasjon av eigen problemstilling og framføring av analyseresultat.

Oppdatert: Pga. koronasituasjonen er kravet til obligatorisk undervisningsaktivitet endra vårsemesteret 2021.

  • Kravet om presentasjon av eigen problemstilling og framføring av analyseresultat gjennomførast enten digitalt eller under fysisk seminar
  • Deltaking i 75 prosent av seminar og verkstad vil ikkje være eit obligatorisk krav vårsemesteret 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad

Vurderingsformer

Indviduelt essay på maksimalt 4500 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på  studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet. 

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Essay

    Innleveringsfrist
    14.05.2021, 14:00
    Trekkfrist
    30.04.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen