Hjem
Studentsider
Masteremne

Masteroppgåve i spesialpedagogikk

  • Studiepoeng60
  • Undervisingssemester
  • EmnekodeSPED395
  • Talet på semester
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 60 studiepoeng og er normert til eitt års fulltidsstudium

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, haust

Undervisningsstad

Bergen, men det vil være mogeleg og fagleg anbefalt å skrive deler av masteroppgåva under eit utanlandsopphald. Det forutset at studentane følger avtaler UiB (ev. hovudrettleiar) har med utanlandske institusjonar

Mål og innhald

Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studenten dokumentere at vedkommande kan utføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid under rettleiing, og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer. Studenten skal dokumentere kunnskap om sentrale forskingsprinsipp, kunne gjennomføre systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang og kunne framstille saksområdet klart og presist.

Masteroppgåva kan ta form av ein monografi eller ein artikkel med kappe. Uavhengig av form skal masteroppgåva utførleg behandle ein tydeleg definert problemstilling (teoretisk eller empirisk) med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet.

Krav til innhald og omfang av masteroppgåva vil bli gjort kjend for studentane ved studiestart.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten¿

  • har kunnskap om og kan kritisk reflektere over forskingsdesign, metode og forskingsetikk
  • har kunnskap om og kan kritisk reflektere over teoriar, omgrep og forsking med relevans for masteroppgåva sitt tematiske område

Ferdigheiter

Studenten¿

  • kan formulere klare problemstillingar og grunngje at desse er fagleg interessante og relevante for det spesialpedagogiske feltet
  • kan samle, systematisere, analysere, tolke, diskutere og presentere materiale og funn på ein sjølvstendig, nøyaktig, transparent, oversiktleg og etisk forsvarleg måte
  • kan grunngje val av metode, teori og litteratur
  • kan vise korleis samanfatningar og konklusjonar er i samsvar med teoretiske premiss, problemstillingar og eventuelt empirisk materiale
  • kan bruke litteratur- og sitattilvisingar og kjelder på ein korrekt, konsekvent, etisk og oversiktleg måte

Generell kompetanse

Studenten¿

  • kan formidle fagområdet sin substans og uttrykksform i samsvar med krav for vitskapleg arbeid
  • kan utøve fagområdets eigenart innanfor opplærings- og utdanningssektoren 

Krav til forkunnskapar

Det er ein føresetnad at eksamen i SPED311, SPED312, SPED313, SPED314 og SPED315 er avlagt og bestått før ein tar emne SPED395.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.

Arbeids- og undervisningsformer

Kvar student får tildelt ein fagleg rettleiar ved oppstart av emne. Rettleiingskontrakt og retningslinjer for rettleiing skal underskrivast av student og rettleiar. Arbeidet med masteroppgåva er i hovudsak eit individuelt arbeid. Kvar student har krav på 40 timar rettleiing. Deler av rettleiinga kan bli gitt i grupper. Det blir tilbod om seminar i løpet av den aktuelle perioden.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet nyttar ikkje obligatoriske aktivitetar.

Vurderingsformer

Eksamen består av masteroppgåva, samt ein munnleg høyring knytt til denne. Den munnlege høyringa kan justere karakteren på mastergradsoppgåva med inntil ein bokstavkarakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår, annakvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande haustsemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere individuell for kvar enkelt masteroppgåve.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.