Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Mikrobiologi og hygiene

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeTPBAMIKR
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk.
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mikroorganismar finnes overalt, dei veks i varme, kalde og andre ekstreme miljø. Dei er heilt nødvendige for planter og dyr, mennesket inkludert. Mikroorganismar blir nytta i næringsmiddelindustri og til produksjon av legemiddel. Men mange mikroorganismar kan og gi sjukdom. I emnet "Mikrobiologi og hygiene" vert det gjort greie for noen av mekanismane for korleis mikroorganismar kan gi sjukdom og korleis kroppen responderer. Infeksjonar i tenner og tenners støttevev blir spesielt omtalt. Generelle prinsipp i smittevern er ein viktig del av emnet. Laboratoriekurset inneheld praktiske øvingar med døme som bør gjere det enklare og forstå det teoretiske lærestoffet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

studentane skal kunne gjere greie for:

  • Mikroorganismanes tyding ved infeksjon og infeksjonssjukdomar med spesiell vekt på karies og periodontale lidingar
  • Uspesifikke og spesifikke mekanismar som vernar oss mot infeksjonar og infeksjonssjukdomar
  • Tydinga av personleg hygiene, motivering av pasientar til god munnhygiene og verne dei og tannpleiaren mot overføring av smitte

Ferdigheiter

studentane skal kunne:

  • Arbeide med bakteriar og sopp i laboratoriet
  • Gjere enkel mikrobiologisk diagnostikk
  • Ta prøver for kontroll av klinikkhygiene og steriliseringsrutinar
  • Skrive ein enkel laboratoriejournal

Generell kompetanse

studentane skal kunne:

  • Forstå tydinga av gode hygienerutinar for å hindre infeksjonar
  • Ha kunnskap om samanhengen mellom orale mikroorganismar og systemiske lidingar

Krav til studierett

Kurset inngår i Bachelorprogrammet i tannpleie.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er obligatorisk.

Undervisninga gis som førelesningar og laboratoriekurs.

Studentane skriv laboratoriejournal som leverast inn til godkjenning.

Det haldes ein fire timers skriftleg eksamen i emnet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk.

Vurderingsformer

Skriftlig eksamen, 4 timar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studie@kliniskmedisin.uib.no