Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG227 (skoleeksamen) eller ENG267 (semesteroppgåve).

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentene til lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg perspektiv.

Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG227, ENG265 (semesteroppgåve i språkhistorie).

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har utvikla analytiske ferdigheiter og ei vitskapleg haldning til språket
  • har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke lingvistiske metodar til å kaste lys over aspekt ved det engelske språket

Generell kompetanse

Studenten

  • har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
  • kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
No formal requirements, but see "Recommended previous knowledge".
Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG110 (eller ENG114, ENG115) og ENG120 (eller ENG107, ENG108/118, ENG109/119), ENG122 og , ENG125 eller tilsvarande.

For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ENG227 redusert om det blir kombinert med ENG223 (10 studiepoeng reduksjon), ENG223L (5 studiepoeng reduksjon), ENG211 (10 studiepoeng reduksjon), ENG251(10 studiepoeng reduksjon) og ENG267 (15 studiepoeng reduksjon) .
Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er ingen obligatoriske krav, men det blir gitt ei skriftleg oppgåve og ein vil råa til at studentane gjer oppgåva.
Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er og vurdering tidleg i haustsemesteret. Det er anbefalt at studentar fullfører vurdering i det same semesteret dei følger undervisning.
Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggjande emne i moderne engelsk lingvistikk.

Litteraturlista vil vere klar innan 1.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tilatne ved skuleeksamen.
Programansvarleg
Programstyret for engelsk.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.