Nordisk: Litterært masteremne B
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NOLI322
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk litteraturforsking. Det skal gje kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.
Emnet er ein valfri del av mastergraden i nordisk språk og litteratur, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget.
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast. Det kan variere frå gong til gong emnet blir tilbode, men vil vere knytt til aktuell forsking i nordisk litteratur. Emnet kan gje tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon eller epoke, spesifikke metodar eller teoriar osv.
Haustens tema 2023:
Kritikk og offentlighet 1700-2023
Læringsutbyte
Kunnskap
- ha brei og inngåande kjennskap til skjønnlitteraturen på pensumet
- kjenne til sentrale poeng i fagtekstane og dei grunnleggjande argumentasjonsformene i dei
- ha godt oversyn over relevant forsking innanfor emneområdet
- ha kunnskap om sentrale forskingsproblem knytt til emneområdet
Ferdigheiter
- diskutere og vurdere den aktuelle primærlitteraturen og faglitteraturen
- diskutere teorigrunnlaget i ein fagtekst
- velje ut og vurdere bruken av teori i eige arbeid
- skape eigne fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar
Generell kompetanse
- skrive sjøvstendige fagtekstar innanfor eit avgrensa fagområde
- grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eige tekstarbeid
- velje ut relevant teori knytt til eit forskingsområde
- relatere eige arbeid til ein forskingstradisjon
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Master.
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).
Undervisningsmengde: Om lag 24 timar førelesingar og seminar. Seminara legg opp til høg grad av studentaktivitet. Rettleiing på semesteroppgåve.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta med minst eitt førebudd munnleg innlegg i ein seminartime.
Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på ho.
Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve og munnleg prøve.
Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og den munnlege prøva. Studentane må stå på begge delane i same semester for å stå i emnet. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %.
Eksamenssvaret skal skrivast på norsk, og målforma på heimeeksamen vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamenen startar. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Det vert ikkje arrangert eksamen utanom undervisningssemesteret.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.
Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.