Fordjupning i latinamerikansk kulturkunnskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SLAN642
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studietilbodet skal leggja til rette for fordjuping i eit emne frå latinamerikansk kulturkunnskap, t.d. ein periode, eit land, eit tema. Ein kan henta emnet i eit tekstutval frå perioden 1492 og fram til vår eiga tid.
Studentane skal ha brei generell kunnskap innafor disiplinen. Dei skal bruka sine kunnskapar kritisk og reflektera over eigen fagleg praksis.
Studentane skal sjølvstendig kunna halda fram eiga kompetanseutvikling og spesialisering.
Emnet kan søkjast innpassa i ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium i ei bachelorgrad ved UiB. Emnet stettar kravet til sjølvstendig arbeid som må inngå i ei bachelorgrad.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å møta på oppstartssamlinga i Bergen. Fråver blir kun godskrive med gyldig dokumentasjon (sjukmelding og liknande).
Den rettleidde oppgåva som blir omtalt under Vurderingsformer skal sendast inn til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtalt tidspunkt. Det blir sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing blir gitt per telefon eller over Internett.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjente.
Vurderingsformer
Ei rettleidd oppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vera på om lag 12 standardsider (dobbel lineavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ei samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn.
Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel båe 50 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SLAN642. Båe eksamensdelane må vera greidde i same semester. Det blir høve til å levera eksamensoppgåve og gå opp til munnleg eksamen annakvart haustsemester (frå 2011), i tillegg til påfølgjande undervisningsfrie semester.
Studentar som tek eksamen i det undervisningsfrie semesteret har ikkje rett på rettleiing.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum (om lag 800 sider) skal innehalde historiske tekstar,
vitskaplege artiklar, fagtekstar og relevante dokument knytt
til det temaet det blir undervist i.
Dersom ein har følgd undervisninga i emnet eit tidlegare semester, kan ein søkje om å legge opp pensum tilsvarande dette semesteret.