Home
Digital Lab
DH network

Norsk måføresynopsis: ny drakt, nye mogelegheiter

Foredrag ved Gyri Smørdal Losnegaard

Main content

The lecture will be given in Norwegian.

 

Norsk Målføresynopsis er ei unik samling av talemålsdata frå 1900-talet, som inneheld relativt einsarta opplysningar om lyd- og formverket i dei norske dialektane. Innsamlinga er gjort med utgangspunkt i Johan Storms kortere ordliste frå 1882. I synopsisen finn vi uttalen av rundt 1500 ord og frasar frå til saman 750 målepunkt som svarer til kommunane i Norge i innsamlingsperioden. Synopsisen vart oppskriven i perioden 1950-70, og består av 43 handskrivne protokollar ordna etter fylke. Eksempelord står oppførte i kolonner og innsamlingsstadar i rader, og nedteikningane er i hovudsak gjort med lydskrifta Norvegia.

 

Synopsisen vart digitalisert første gong på 2000-talet under prosjektet Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo. I den digitale synopsisen kunne ein søke i faksimilar på grunnlag av protokoll- og paragrafnummer.  Redaktørane skulle slik få sleppe å bla gjennom dei store protokollane for hand når dei skulle redigere "Storm-ord".  

 

I 2016 vart synopsisen overført frå UiO til UiB saman med resten av Språksamlingane. Han er i dag brukt som grunnlagsmateriale i revisjonen av Norsk Ordbok, men det er også eit mål å gjere han tilgjengeleg for anna bruk. Dei siste åra har Språksamlingane hatt ansvar for ei findigitalisering av synopsisen, der ein har isolert enkeltoppføringane og dermed kan finne fram til dei ved å søke etter eit ord eller ein frase i Storms ordliste og namn på kommune eller tettstad. Med denne oppdateringa har vi  også fått eit rammeverk for digital transkripsjon, slik at sjølve oppføringane kan gjerast søkbare. Ein vil då kunne søke etter lydlege realiseringar av enkeltord, målføretrekk i dei enkelte dialektane, og utbreiinga av slike trekk. Søkbarheit er eit viktig ledd i å gjere synopsisen tilgjengeleg både for bruk i forskning og undervisning og som kunnskapskjelde for eit breiare språkinteressert publikum.