Home
Faculty of Social Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Exit frå Brexit med prestisje-stipend i lomma

– Det er vanskeleg å drive banebrytande forsking når du er under åtak, seier Adriana Bunea.

Adriana Buena portrait
– Eg er veldig glad for at både mannen min og eg fekk stillingar ved Universitetet i Bergen. Dette har vi arbeidd mykje for, seier Adriana Bunea.
Photo:
Ida Bergstrøm, UiB

Main content

Denne våren startar Adriana Bunea sitt nye, akademiske liv ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho har sagt opp jobben ved The University of Southampton. 

I Storbritannia, landet ho reiste frå, er det framleis uavklart korleis forholdet til EU vil verte i framtida. 

– Vi opplevde framtida i Storbritannia som svært uviss. Vi frykta kva som kunne skje med universitetsfinansieringa. Med dei mest grunnleggande arbeidsvilkåra vår. Og vi frykta kva som ville skje med opphaldsløyva våre. Samtidig såg vi at situasjonen forverra seg, seier Bunea. 

Uroleg for Brexit

Bunea skildrar korleis haldninga til utlendingar blei endra i takt med at Brexit-rørsla vaks fram. Som aust-europear kjende ho på at ho ikkje alltid var velkommen. Og ho frykta kva som ville bli neste steg.
Som akademikar vart det vanskeleg å halde fram. 

– Du kan ikkje vere kreativ og produktiv når du er i ein «fight-or-flight»-tilstand. Eller når du er uroleg over arbeidsvilkåra dine, eller på kva vilkår du kan vere i landet.

– Brexit er historia om korleis den britiske staten har svikta delar av systemet. Eg kan forstå at menneske, som manglar sosial mobilitet, opplever kutt i velferda og hindringar på arbeidsmarknaden, kan finne på å klandre EU for dette. 

I skyene

Ho kom til UiB med eit ERC Starting Grant. Saman med ektemannen, Raimondas Ibeskas, har ho slått seg ned i Bergen. Ibeskas har fått jobb som førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk. 

– Eg elskar den avslappa atmosfæra i Bergen, seier ho. 

Bunea kjem opphaveleg frå Romania. Ho ser likskapane med heimbyen Brasov i Transilvania.
 
– På mange måtar var dette som å kome heim. Sjølv om vi mangla fjordane og nærleiken til vatnet, hadde eg den same kjensla av å bu inne i ei sky, seier ho. 

Det var ikkje berre omstillinga til Bergensvêret som var enkelt. Også det akademiske klimaet ved UiB var det lett å tilpasse seg. 

– Velviljen frå kollegaer som oppmuntrar kvarandre; kjensla av at her er vi jambyrdige. Nordmenn er faktisk meir imøtekomande og venlegare enn eg hadde førestilt meg. 

ERC-midlane opnar dører

Ho fekk ERC-tildelinga for eit prosjekt kalla "CONSULTATIONEFFECTS - Effects of stakeholder consultation on inputs, processes and outcomes of executive policymaking." Målet er å forske på interessentkonsultasjonar som ein faktor for påverknad på politikkutforminga i medlemslanda i EU. 

– Du har EU som forskingsfelt. Vil Norge vere eit godt utgangspunkt for dette arbeidet? 

– Det har ikkje så mykje å seie kvar du er stasjonert. Det er lett å reise frå Norge. Samtidig er Norge i mange samanhengar eit godt referansepunkt. Landet har rykte på seg for å ha eit godt og seriøst akademisk system. Å ha stempelet frå ERC vil også bidra til å gje oss tilgangane eg treng.