Home
Faculty of Social Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Prisvinnersamtalen

Prisvinnarane viser veg i vitskapslabyrinten

Dei tre vitskapsmeistrane frå Prisvinnersamtalen gjekk seg ville i kontrollerte former i UiBs labyrint på Milde.

Onora O'Neill i labyrinten
Onora O'Neill og dei andre prisvinnarane frå Prisvinnersamtalen fekk omvisning i UiBs labyrint på Milde. Her er ho i samtale med matematikkprofessor Hans Munhte-Kaas som har teikna labyrinten som er utforma som eit matematisk fenomen. T2 sitt kamera var rett bak.
Photo:
Eivind Senneset / UiB

– Det er artig å gå seg vill, og det er då ein oppdagar noko nytt også! 

Det seier den britiske Holbergprisvinnaren og filosofen Onora O’Neill. Det passar professoren godt å fortape seg litt i UiB sin hekkelabyrint på Milde før prisvinnarsamtalen seinare på dag. UiB har invitert tre av verdas fremste forskarar, vinnarar av Abelprisen, Holbergprisen og Kavliprisen, til ein diskusjon om kva som står att å bli oppdaga. 

Prisvinnersamtalen 2019: What Remains to be Discovered?

Sjå heile prisvinnarsamtalen her

Produsent:
UiB

O'Neill står midt i samfunnsdebatten med si forsking på tillit og truverd. Kven stoler vi på når tradisjonelle media bukkar under og falske nyhende florerer? Ho viser mellom anna korleis ei kjensle av urettferdigheit kan påverke den politiske utviklinga i eit samfunn, noko ho har ferske døme på frå den britiske Brexit- debatten.  

– Kven kontrollerer teknologien, og kven drar nytte av anonymitet? Dette er spørsmål vi må stille oss. Vi ser at både kulturar og demokrati går i oppløysing og det er avgjerande å finne måtar å skilje mellom kven ein kan tru på også innan vitskapen, seier ho. 

Nærkontakt med vassmolekylar

I regnet på Milde fekk også astrokjemikaren Ewine van Dishoeck nærkontakt med molekylane ho er spesialist på. Ho fekk Kavliprisen for sitt bidrag til å forstå korleis stjerner og planetar blir danna gjennom å studere vassmolekyl i skyer. 

– Vi veit ikkje enda kva 96 prosent av universet består av. Det som vi kan sjå utgjer berre fire prosent av universet, og resten er mystisk mørk materie og mørk energi. Vi har inga aning kva alt dette er enda. Det som er så spennande er at vi er den første generasjonen forskarar som har teknologien som skal til for å leite etter liv i rommet, seier ho. 

Stjernestøv

Matematikaren Varadhan, som tok imot Abelprisen i 2007,  er kjend for sitt banebrytande arbeid med sannsynlegheitsteori. Jakta hans på mønster og forklaringar har gitt oss modellar som kan forutseie alt frå trafikk til befolkningsutvikling, men kva som blir den neste store oppdaginga innan matematikken har han likevel ikkje rekna ut. 

– Det er heilt uforutsigbart! Vi oppdagar heile tida nye ting som kan oppdagast, og det dukkar opp når du minst ventar det, seier han.

– Hugs at vi alle er stjernestøv, stemmer astrokjemikaren van Dishoeck i.