Home
Global Challenges

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Frukostmøte

DR Kongos FN-problem

Bergen Global inviterer til frukostmøte om konfliktane i Aust-Kongo. Korleis vart krisa så stor? Og kvifor demonstrerer kongolesarar no mot FN?

FN-soldat i Kongo
Photo:
UN Photo/Michael Ali

Main content

Befolkninga i Kongo er møkk lei FN. Dei fredsbevarande styrkane MONUSCO har vore i landet sidan 2010, men likevel vert situasjonen for sivilbefolkninga berre verre og verre. Dei to siste åra har Flyktninghjelpen kåra DR Kongo, med over fem millionar internt fordrivne, til verdas mest neglisjerte flyktningkrise.

Kva ligg bak konfliktane i Aust-Kongo? Korleis vart krisa så stor? Og kvifor demonstrerer kongolesarar no mot FN?

 

Panel:

Morten Bøås er seniorforskar ved Nupi og jobbar i hovudsak med tema knytt til fred og konflikt i Afrika, inkludert problemstillingar som landrettar, statsborgarskapkonfliktar, ungdom, eks-stridande og det nye landskapet som teiknar seg med omsyn til opprør og geopolitikk. 

Thor Olav Iversen, stipendiat ved Senter for vitskapsteori (UiB), vil leie samtalen.