Home
Global Challenges

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Arrangement

Hungersnaud anno 2023

Kva alternativ ligg på bordet for å bekjempe svolt i 2023? Velkomen til samtale mellom forskar Cecilie Hellestveit og stipendiat Thor Olav Iversen.

Brennande kornåker
Photo:
graffoto8 / iStock

Main content

Eitt år etter invasjonen av Ukraina er den globale matsikkerheitssituasjonen stadig prekær. Matvareinflasjonen er høg i Noreg, men slår langt hardare ut i fattige land. Dei siste åra har ein sett eit dramatisk oppsving i bruk av svolt som våpen i krig – særleg i land som Jemen, Etiopia og Syria. Samstundes vurderer FN-organisasjonar å erklære hungersnaud på Afrikas horn.  

Stipendiat Thor Olav Iversen (UiB) møter forskar Cecilie Hellestveit (Folkerettsinstituttet) til ein samtale om hungersnaud og den internasjonale matvaresituasjonen i 2023. Saman skal dei mellom anna drøfte kva juridiske og politiske verkemiddel som ligg på bordet for å avhjelpe hungersnaud.

 

Samtalen finn stad hos Bergen Global i Jekteviksbakken 31 (ingen streaming).