Home
Quaternary geology and Paleoclimate

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

GLANAM-arbeidsmøte 16.-20. oktober 2013

I midten av oktober vart det fyste arbeidsmøtet i det nyleg oppstarta GLANAM-prosjektet halden på Holmavatn, Jæren. Arbeidsmøtet hadde 35 deltakarar frå dei samarbeidande institusjonane.

To av dagane av arbeidsmøtet var satt av til faglege presentasjonar der PhD-studentane og postdoktorane gav ein kort muntleg presentasjon om sin bakgrunn og kva tema dei skal fokusere på  i sine studiar. I alt 13 PhD-ar og postdoktorar har vorte ansatt på GLANAM-prosjekt sidan oppstarten i april 2013, og dei representerar ein lang rekke ulike nasjonalitetar,  deriblant  Sveits, Sverige, Polen, Tyskland, Danmark, Hellas, Italia, Frankrike og Belgia. I tillegg til PhD-presentasjonane gav også leiarane av dei ulike forskningsprosjekta i GLANAM foredrag om sedimentære prosessar, glasiasjonshistorie og marginutvikling i Nord-Atlanteren. Industripartnerane i GLANAM var sterkt representert på møtet der dei mellom anna gav ein oversikt over deira bidrag inn mot prosjektet.

Ein dag av møtet var satt av til ekskursjon på Jæren. Ekskursjonen vart leia av Hans Petter Sejrup, GEO, og gjekk til ein rekke lokalitetar der glasial-geomorfologiske trekk og glasiale avsetningar vart studert. På kvar einskild ekskursjonslokalitet gav ein av PhD-studentane ein introduksjon til geologien i området.

Arbeidsmøtet vart avslutta med eit to-dagars kurs for PhD-studentane i kommunikasjon, leia av Lowry McComb og Steve Hutchinson frå Universitetet i Durham. Kurset hadde fokus på gruppedynamikk og lagbygging der ein rekke ulike gruppearbeider, deriblant å presentere eit prosjekt på ein poulærvitenskapleg måte og å bygge eit vinddreven farkost i løpet av eit begrensa tidsrom og med begrensa ressursar, vart utført.