Home
Department of Linguistic, Literary and Aesthetic Studies

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Gjæv pris til Kristian Bjørkelo og Ivar Utne

Tidlegare i haust fekk Ivar Utne og Kristian A. Bjørkelo Spruveugleprisen. 10. desember blei dei tildelt Ugleprisen, UiB sin pris for utdanningskvalitet.

Kristian Bjørkelo og Ivar Utne
Stolte prisvinnarar. Kristian Bjørkelo til venstre.
Photo:
Ingvild Festervoll Melien

Main content

Med unntak av dei reine profesjonsutdanningane, er det ikkje mange andre fag ved UiB som i dag tilbyr praksis.

– At me får denne prisen er sjølvsagt kjekt. Det er fint at studiet får merksemd, det gjer at me kan trekkja til oss gode studentar. Men me ønskjer oss at prisen vert eit spark for universitetet til å tenkja praksis innanfor fleire fag og kanskje i større målestokk, seier Utne til På Høyden.

Praktisk informasjonsarbeid har plass til om lag tjue studentar kvart semester. Mykje av Bjørkelo sin stilling går med til å finna nok praksisplassar og å finna rett student til rett verksemd.

– Studentar i dag er meir opptekne av karriere enn tidlegare. Dei vil gjerne vita konkret kva dei kan verta. Praktisk informasjonsarbeid gjev studentrane praktisk røynsle, og næringslivet og andre får vite kva studentane kan, seier Bjørkelo. – Og UiB får læra noko om kva studentar herifrå kan vera nyttige til.