Home
Department of Sociology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
NY PUBLIKASJON

George Herbert Mead og «den naturalistiske vendinga»

Atle Møen ved Sosiologisk institutt har skrevet et innlegg i «klassiker-serien» i siste utgave av Sosiologen.

Klassiske sosiologer
Photo:
Sosiologen.no

Main content

"Det er liten tvil om at mange av klassikarane, særskilt Max Weber, Emile Durkheim og George Herbert Mead skapte verk som har verdi for sosiologar også i dag, sjølv om desse forskingsbidraga også ofte er svært forelda sett frå ein empirisk synsstad. I følgje Weber er dette lagnaden for all Wirklichkeitswissenschaft, men han åtvara likevel  mot å forsøka å overvinna dette flyktige ved kunnskapen, enten gjennom å danna «evige» verdsyn og «kateterprofetiar», eller gjennom forsøket på å laga universelle utviklingslover. Det er fleire grunnar til at klassikarane kan vera viktige for dagens sosiologi, og to av desse grunnane er: For det første viser desse arbeida til ein ambisjon om ein analyse av «totale sosiale fakta» (for å bruka Marcel Mauss sitt omgrep).  I meir moderne tid er det vel berre Pierre Bourdieu som har realisert denne ambisjonen (og no er også verka hans vortne «klassiske» på den måten at han både demonstrerte ein metode for å studera det universelle samsvaret mellom sosiale rom og habitus, samstundes som hans empiriske analysar berre var gyldige for ei spesiell tid og eit spesielt rom).  For det andre er dei klassiske arbeida framleis gyldige, fordi dei har inspirert til  levande forskingstradisjonar. Dette gjeld for Shmuel Eisenstadt sine omgrep om aksiale sivilisasjonar og multiple modernitetar, som i stor grad hentar inspirasjon frå Webers religionssosiologi. Når det gjeld Emile Durkheim er det først og fremst «Det religiøse livets  elementære former» (1912) som førte Durkheim inn under den evige synsvinkel, og denne sein-sosiologien danna utgangspunkt for svært mange høgst aktuelle forskingstradisjonar."

 

Les hele saken her.