Human Immunobiology

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset tek sikte på å gi eit djuptgåande forståing av avansert molekylær og cellulær immunologi, med fokus på aktuelle emne innan immunologifeltet. Det blir også lagt vekt på å forklara nye konsept for immunforsvaret og immunologiske sjukdommar. I tillegg skal kurset gi ein presentasjon av dei immunologiske fagmiljøa og ekspertisar som er ved UiB.

Læringsutbyte

Kunskåp

Etter fullført emne skal studenten kunna:

  • Kjenna igjen hovudtypar av celler, vev, signalmolekyl og bioaktive faktorar (komponentar), som immunsystemet består av.
  • Skisser utviklinga og modningsprosessen til immunkompetente celler.
  • Forstå dei grunnleggjande mekanismane for korleis immunsystemet blir aktivert og reagerer på stimuli t.d. infeksjonar, *vevsskade eller kreft.
  • Ha kunnskap om grunnleggjande prinsipp for forsvar og kamp mot infeksjonar. Presentera metodar/behandling som kan styrkja immuniteten mot smittestoff (t.d. vaksinasjon).
  • Gjer greie for hovudgrupper av sjukdommar knytt til eit sviktande immunsystem (f.eks.autoimmunitet, allergi og immunsvikt) og beskriva generelt sjukdomsprosessane.
  • Skissera metodar for behandling av immunrelaterte sjukdommar og symptom.

Ferdigheiter

  • Beskriv korleis immunologiske metodar kan brukast i biologisk og medisinsk forsking.
  • Nytta immunologisk kunnskap til eige forskingsprosjekt.

Generell kompetanse

  • Få spesifikk kunnskap om korleis immunsystemet fungerer ved helse og sjukdom.
  • Å kunna skilja den immunologiske komponenten i ei rekkje komplekse helsespørsmål.
  • Forstå viktigheita av å bruka immunologisk kunnskap i både førebygging og kamp mot sjukdommar.

Studiepoeng, omfang

4 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Masterstudentar eller studentar med liknande bakgrunn innan biologi, medisin, odontologi eller farmasi.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Lab. bygget / BB-bygget ved Haukeland Universitetssjukehus.
Krav til forkunnskapar
  • Studenten bør vera på høgare nivå (ha ein BSc eller tilsvarande)
  • Grunnleggjande kunnskap om immunologi
  • Grunnleggjande kunnskap om *humanbiologi
  • Tilrådde forkunnskapar
  • Grunnleggjande kunnskap om cellebiologi og human immunologi blir tilrådd.
  • Fagleg overlapp
    Overlappar med HUIMM303, HUIMM303A, HUIMM903, HUIMM903A, HUIMM903B and MOL212.HUIMM903
    Studiepoengsreduksjon
    HUIMM303 og HUMM303A
    Krav til studierett
    Ja
    Arbeids- og undervisningsformer
    Kurset omfattar forelesingar, seminar, prosjektpresentasjonar frå studentane, og dessutan eigenstudiar og studentpresentasjonar med diskusjonar av immunologiske artiklar innom aktuelle forskningsfelt.
    Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

    Normalt undervisning frå februar til mai, kvar tysdag og torsdag frå 12:15-14:00,

    med munleg eksamen i slutten av mai månad.

    Kontakt emneansvarleg Yenan Bryceson for meir informasjon.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet
    Studentane skal delta på minst 80% av undervisninga / forelesingar for å kvalifisera seg til å få gå opp til eksamen.
    Vurderingsformer

    Vurdering av *artikelpresentasjoner.

    Munnleg eksamen, 2 timar.

    Karakterskala
    Bestått/Ikkje bestått.
    Vurderingssemester
    Vår.
    Litteraturliste

    Mitt UiB vil vise både forelesninger og hvilken bok som nyttast i undervisningen.

    Abbas, Lichtman and Pillai. Cellular and Molecular Immunology. 10th Edition, 2021, Saunders Elsevier, ISBN 9780323757485.

    Emneevaluering
    Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Utvidet studieledelse ved Det medisinske fakultet
    Emneansvarleg
    Yenan Bryceson
    Administrativt ansvarleg