Hjem
Det juridiske fakultet
Forskarutdanning

Nye ph.d.-kandidatar ved Det juridiske fakultet

Sidan sommaren 2013 har det byrja 13 nye ph.d.-kandidatar ved Det juridiske fakultet.

Personar framfor bokhylle med gamle lovbøker
Frå venstre: Marte Mo, Jonas Jensen, Katrine Holter, Karsten Grimstad, Ingrid Halvorsen, Håvard Ormberg, Ingvild Sandhaug og Linda Midtun.
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

I løpet av sommaren og hausten 2013 har det kome fleire nye stipendiatar og ph.d.-kandidatar ved Det juridiske fakultet. Ni av desse er tilsette ved fakultetet medan fire er eksterne.

 

Jonas Jensen skal skrive om plagiering i forsking. Prosjektet ligg tematisk i kryssingspunktet mellom opphavsrett og forskingsetikk. Jensen skal sjå på vurderingsnormene for om det ligg føre plagiering og vitskapeleg uærlegdom etter forskingsetikklova, og i kva grad og omfang opphavsrettslege vurderingsnormer er relevante i denne vurderinga.  Analysen tar utgangspunkt i verdiane og omsyna bak åndsverklova og reguleringa av plagiering i forskingsetikklova. Jensen har master i rettsvitskap frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen frå 2012. Hovudrettleiaren hans er Knut Martin Tande.

 

Ingrid Margrethe Halvorsen skal sjå på utforminga og omfanget av lempingsprogrammet til EU i konkurranseretten. Målet er å finne ut korleis ein best mogleg kan utforme eit lempingsprogram for å avdekke etablerte kartell og samtidig hindre opprettinga av nye. Halvorsen skal ta føre seg fleire problemstillingar, mellom anna kva slags samarbeid som skal verte omfatta av lempingssystemet, forholdet til andre former for økonomisk kriminalitet som til dømes korrupsjon, forholdet til sivile erstatningskrav og tilhøva mellom administrative bøter og straffesanksjonar, då særleg personstraff. Ein del medlemsland gir straff for kartellverksemd, medan andre, inkludert EU, gjev administrative bøter. Halvorsen skal difor sjå nærmare på om ein bør harmonisere reglane for handheving av kartellverksemd i større grad og korleis dette påverkar lempingsprogramma. Halvorsen har master i rettsvitskap frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen frå 2013. Rettleiarane hennar er Caroline Heide Jørgensen (Københavns Universitet) og Ronny Gjendemsjø.

 

Ingvild R. Sandhaug skal forske på bruken av private aktørar i kampen mot korrupsjon og skal sjå på kva ansvar private selskap har når det kjem til korrupsjon i eigne rekker. Ho skal òg undersøke i kva grad private selskap pliktar å drive aktivt med anti-korrupsjonsarbeid, og om det i det heile er rom for å pålegge private aktørar slike plikter. Målet er å finne ut kva som er føremålstenleg og legitim bruk av private aktørar i kampen mot korrupsjon. Sandhaug har master i rettsvitskap frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen frå 2013. Hovudrettleiaren hennar er Jon Petter Rui.

 

Linda Midtun skal forske på rettane og pliktene offentlege oppdragsgjevarar har til å avvise tilbod etter forskriften om offentlege anskaffingar. Prosjektet hennar har som mål å klargjere tolkinga av føresegnene kring dette samstundes som ho skal sjå på om det samsvarar med EU-retten. Midtun skal sjå nærmare på avvising av dei tilboda som ikkje oppfyller vilkåra i konkurransegrunnlaget, som til dømes at tilbodet vik frå kravspesifikasjonane, om det er uklårt om det oppfyller krava i konkurransegrunnlaget, eller om det inneheld atterhald mot kontraktsvilkåra. Ho skal difor òg sjå på høvet oppdragsgjevarane har til å gjere innhaldet i eit mottatt tilbod klårt. Midtun er cand.jur. frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen frå 2006. Rettleiarane hennar er Pernille Wegener Jessen (Aarhus universitet) og Tore Lunde.

 

Marte Habberstad Mo skal forske på samspelet mellom straff og rehabilitering og sjå på korleis ein handsamar personar dømde til forvaring. Ho har som mål å kaste lys over korleis ein forstår grunnleggande prinsipp om samfunnsvern og offervern og korleis dette kan bli realisert under gjennomføring av forvaringsstraff. Prosjektet hennar er innanfor faget straffegjennomføringsrett og er ein del av forskingsprosjektet «Strafferettssystemets funksjonalitet» ved fakultetet. Mo er cand.jur. frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen frå 2006 og har tidlegare arbeidd som juridisk rådgjevar hjå Kriminalomsorga region vest i over sju år. Hovudrettleiaren hennar er Linda Gröning.

 

Katrine Rong Holter skal forske på hensiktskrav i norsk strafferett ut frå eit funksjonalitetsperspektiv. Ho skal sjå nærmare på ulike variantar av hensikt, mellom anna hensikt i samband med førebudde handlingar, og korleis ein beviser hensikt. Eit mål med prosjektet er å betre premissa for fastsetting av straff. Når det gjeld utforminga av ein meir nyansert og presis strafferett spelar hensiktskravet ei viktig rolle og ei betre innsikt i dette vil gje meir treffsikre strafferettslege avgjersler. Ph.d.-prosjektet hennar er ein del av forskingsprosjektet Strafferettssystemets funksjonalitet, som er finansiert av Bergens forskningsstiftelse. Holter har master i rettsvitskap frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen frå 2013. Hovudrettleiaren hennar er Erling Johannes Husabø.

 

Karsten Grimstad skal undersøke korleis ulike former livsfelleskap påverkar det private sjølvstendet til enkeltpersonar. I ekteskap kan lovverket føre til store konsekvensar for råderetten, avtaleretten, arveretten og rett til utskifte for kvar ektefelle. Grimstad skal òg sjå nærmare på livssituasjonen til sambuarar og vurdere om å innføre reguleringar av slike forhold har noko føre seg. Grimstad har master i rettsvitskap frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen frå 2013. Hovudrettleiaren hans er Thomas Eeg.

 

Marianne M. Rødvei Aagaard skal skrive om dei tingsrettslege konsekvensane av ugyldigheit, til dømes korleis ugyldigheit verkar inn på moglegheita for å oppnå rettsvern for ei overdraging eller pantsetting. Ho skal i samband med dette sjå nærmare på kva ugyldigheit eigentleg er og rettsverknadane av det. Aagaard skal òg samanlikne norsk rett med andre land, og då særskilt tysk, fransk og engelsk rett. Aagaard har master i rettsvitskap frå Universitet i Tromsø frå 2010. Hovudrettleiaren hennar er Hans Fredrik Marthinussen.

 

Håvard Ormberg skal skrive om forholdet mellom forbodet mot konkurranseavgrensande avtalar og forbodet mot misbruk av dominans i den europeiske konkurranseretten (høvesvis paragrafane 101 og 102 i TFEU, Treaty on the Functioning of the European Union). Føresegnene kan bli brukt samtidig på same tilhøve, men det er uklårt kva kriterium som styrer bruken av kvart forbod. Målet med prosjektet er å klarlegge innhaldet i konkurranseavgrensings- og misbruksvurderinga og gjere tilhøvet mellom desse og den samtidige bruken klar. Ormberg har master i rettsvitskap frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen frå 2013. Hovudrettleiaren hans er Caroline Heide Jørgensen (Københavns Universitet).

 

Eksterne ph.d.-kandidatar


Øyvind Holst
skal skrive om samfunnsvern i helsevesenet og undersøke om lovgjevar, domstolar og helsevesen forstår innhaldet i samfunnsvernet likt. Konkret skal Holst sjå på den strafferettslege særreaksjonen dom på tvunge psykisk helsevern. I tillegg til å behandle domfelte pasientar, skal helsevernet her legge særleg vekt på behovet for å trygge samfunnet mot fara for nye alvorlege lovbrot. Føremålet med særreaksjonen var samfunnsvern, noko som er eit grunnvilkår for domfelling og eit lovpålagt omsyn for psykiatrien under gjennomføring av dommen. Holst er cand.jur. frå Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen frå 1995 og er tilsett som seniorrådgjevar ved Oslo universitetssykehus. Hovudrettleiaren hans er Jørn Jacobsen.

 

Inger Julie Grimsrud skal skrive om korleis styret i ei stifting kan oppfylle ansvaret sitt om å forvalte kapitalen til stiftinga på ein forsvarleg måte. Stiftingar er sjølveigande organisasjonar der styret er øvste organ og har overordna forvaltingsansvar. Grimsrud skal sjå nærmare på krava i stiftingslova om forsvarleg kapitalforvaltning og gå nærmare inn på moglegheitene for tilsyn med kapitalforvaltinga til styra, då særleg rolla til revisorar og Stiftingstilsynet. Målet med prosjektet er å klargjere kva ein kan forvente av styremedlemer og kva interesser slike styre skal ta vare på. Kva dannar til dømes grunnlaget for erstatningsansvar ved uforsvarleg forvalting? Grimsrud har bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå Norges Handelshøyskole (NHH) og master i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo frå 2012. Ho er tilsett som stipendiat ved Handelshøyskolen BI i Oslo. Rettleiarane hennar er Johan Giertsen ved UiB og Tore Bråthen ved BI.

 

Sveinung Eliassen er ekstern ph.d.-kandidat og tilsett som stipendiat ved Universitetet i Stavanger. Hovurettleiaren hans er Erik Monsen.

 

Per Håkon Sand er ekstern ph.d.-kandidat og tilsett ved Politihøgskolen i Oslo.