Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Nytt emne i berekraftig innovasjon:

Vil du arbeide med grøn innovasjon?

FN sitt klimapanel har trykka på den raude knappen: Tida er i ferd med å renne ut. - Mange studentar kjenner på at dei ikkje har tid til å studere i mange år før dei begynner å arbeide med berekraft, klima og byutvikling, seier Jakob Grandin, leiar for emnet CET201 i berekraftig innovasjon.

bilde av jord
Design thinking, sosialt entrepenørskap, nye modellar for berekraft. Vil du vere ein av dei som bringer fram nye og praktiske løysingar på dei store utfordringane vi står overfor? Søk på emnet CET201 som startar våren 2019.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Meldinga frå FNs klimapanel kan ikkje misforståast. Det same gjeld signala frå klimakonferansen COP24: Vi må gjere store endringar i korleis vi bygger byar, dyrkar mat, konsumerer og lagar energi. Og det hastar.

- Mange studentar kjenner på at dei ikkje har tid til å studere på universitetet i mange år før dei begynner å jobbe med spørsmål rundt byutvikling, berekraft og klimaomstilling, seier Jakob Grandin ved Institutt for geografi til UiB.no.

Han er koordinator for UiB Collaboratory og emneansvarleg for CET201 i berekraftig innovasjon som er ope for påmelding, med frist 21. januar.

Ettertrakta kunnskap

CET201 vil gje studentane praktiske kvalifikasjonar innovasjonsmetodikk. Med dokumenterte kunnskapar innan berekraftig innovasjon vil ein kunne arbeide innan ein rekke felt.

Les også: Noreg kan bli verdas første nullutsleppland

- Kompetanse innan grøn innovasjon og «design thinking» er etterspurt i bedrifter, organisasjonar og i offentleg sektor. Mykje tyder på at det bli ytterlegare etterspørsel etter kandidatar som meistrar innovasjonsmetodikk, seier Jakob Grandin.

Studentane ved CET201 vil lære å forstå eit komplekst problem, og få innsikt i korleis ein kan kartlegge behov og utfordringar. Dei vil også få kunnskapar i metodikken som leiar fram til implementering av løysingar.

Med studentane i førarsetet

At dette er eit praktisk retta studieemne blir også tydeleg i måten undervisninga er strukturert på. Emnet kombinerer praktiske og teoretiske perspektiv på innovasjon og berekraft. Samtidig er målet å utvikle innovative arbeidsmetodar. Studentane Åshild Aarø og Johan Elfving har spelt ei sentral rolle i å utvikle emnet samen med erfarne forskarar frå ulike fagfelt.

- Det blir kortare forelesingar, men fleire panelsamtalar. Det som studentane er særskilt opptekne av, kan vi gje større plass, seier Johan Elfving.

Det tverrfaglege kurset er ope for studentar frå alle studieprogram. Målet er å lære betre gjennom nyskapande metodar.

- Studentar veit mykje om korleis dei best lærer. Dette tar vi omsyn til, seier Åshild Aarø.

Les også: Vi bryr oss stadig mer om klimaendringene

Slik er det tverfaglege emnet bygd opp:

  • Teoretisk del: teoretisk gjennomgang av innovasjonsmetodikkar som «design thinking», grønn innovasjon og sosialt entreprenørskap, samt teoriar om og modellar for berekraftig utvikling.
  • Praktisk del: Studentane jobbar i tverrfaglege grupper der metodane frå teoridelen blir brukt i praksis gjennom å arbeide med eksempel. Eksempla vert utvikla i samarbeid med partnarane frå arbeids- og næringsliv.

Desse kvalifikasjonane får du som student:

  • brei kunnskap om innovasjonsprosesser, metodar for grøn innovasjon, sosialt entreprenørskap og tverrfaglig samarbeid, inklusive berekraftige verksemdsmodellar og metoden «design thinking» / «human centred design»;
  • kunnskap om klima- og energiomstilling, FNs mål for berekraft samt korleis ulike sider av bærekraft samspelar;
  • kunnskap om korleis ein kan evaluere innovasjoner frå eit berekraftsperspektiv, inklusiv korleis desse modellane verkar på samspelet mellom menneske, miljø og økonomi i samfunnet.

- Vi har laga emnet for studentar som ønsker å bidra med praktiske løysingar på problema vi står overfor, seier Åshild Aarø.

UiB er berekraftuniversitetet

UiB har dei siste åra bygd sterke fagmiljø innan energiomstiling og berekraft. FN har gitt UiB eit særskilt ansvar for å koordinere og bringe fram kunnskap om FNs bærekraftmål 14: Liv under vann.

UiB er også tildelt ansvaret for å leie arbeidet med FNs bærekraftmål, Liv under vann, på vegne av FN-organisasjonen United Nations Academic Impact. Dette betyr at UiB skal inspirere og motivere partnarar globalt i arbeidet for kunnskap om et bærekraftig hav.

Leiinga ved universitetet ser på studentane som ein stor ressurs i arbeidet for ei berekraftig verd og for skiftet til ein grønare økonomi. Leiinga har varsla at ei orientering mot berekraftmåla vil bli gjeldande både for forskinga og for undervisninga ved universitetet.

– UiB har fått ei nøkkelrolle i arbeidet med FNs bærekraftmål 14. Etter den aller første nasjonale SDG-konferansen er vi i ein posisjon der vi må fortsette å være særskilt fremoverlente, seier rektor Dag Rune Olsen.