Digital Zotero-verkstad
Zotero er fullt integrert med Google Docs, Libre Office og MS Word/Powerpoint. Bli med kurset og lær korleis du best mogeleg kan dra nytte av funksjonaliteten i verktøyet
Hovedinnhold
Universitetsbiblioteket inviterer til heildigitalt kurs i bruk av Zotero (Zoom).
I første time går vi gjennom dei mest grunnleggande funsjonane i Zotero. Etter denne timen skulle du vere i stand tid å kome i gang med Zotero, og vil du avslutte her og kome tilbake til eit seinare kurs, er det heilt ok :-)
Er du allereie ein erfaren brukar, kan du godt kome inn i Zoom-kurset etter første time.
10:00 Innføring i Zotero
- Kjapp demo: Dette skal vi lære i dag
- Å legge til kjelder i Zotero
- Å halde orden i sitt Zotero-bibliotek
- Å skrive og sitere med Zotero (i Word og eventuelt Google Docs)
- Backup
- Å gjere klart ei semesteroppgåve eller ein artikkel for innlevering
- Praktisk oppgåve
10:50 Pause
11:00 Meir Zotero
- Skreddersy layout og oppsett
- Finne workflow
- Dele innhald og samskrive
- Synkroniseringsvalg
- Retractionwatch
- Å halde seg oppdatert: Feeds
- Spørsmål
Zotero 8 kan lastast ned frå Zotero.org. For tilsette, er Zotero 7 tilgjengeleg frå Software Center. Installer programvaren på din maskin før kurset, saman med Zotero Connector for din nettlesar. Då kan du teste funksjonar og løyse oppgåver gjennom kurset.
Om minst ein deltakar ønskjer det, vil kurset gå på engelsk.
