Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Nyttig info for tilsette ved SKOK og SVT

Budsjettering for søknader

Under er ein nyttig guide til budsjettering for SKOK- og SVT-tilsette som skal søke midlar til forsking, reiser, arrangement og liknande.

A white table with paperclips, two pieces of white paper, a black pen, a black calculator and a green plant
Foto/ill.:
Unsplash/Mediamodifier

Hovedinnhold

Budsjettering for søknader til Horisont Europa (HEU), Noregs forskingsråd (NFR) og andre eksterne finansieringskjelder

Ein prosjektøkonom assisterer deg med budsjettet. For å få tildelt ein prosjektøkonom, fyll ut dette skjemaet og send inn så fort som mogleg dersom du planlegg å søke på midlar frå HEU, NFR eller andre eksterne finansieringskjelder. Kamilla, Tone, senterleiaren din og HF sitt BOA-team er mottakarar av dette skjemaet. Ved spørsmål til utfyllling, kontakt Kamilla/din senterleiar.

Når søknadsplanane dine er godkjend av senterleiaren din kjem du til å få tildelt prosjektøkonom til å hjelpe deg med budsjettet. For HEU-søknader (ikkje NFR) får du også tildelt ein rådgivar frå Forskings- og innovasjonsavdelinga (FIA), og det er i tillegg pengar tilgjengeleg for deg frå universitetet (PES-midlar – avhengig av at du sender ein søknad som møter HEU sine formelle krav til ein godkjend søknad.)

Budsjettering for intern/lokal finansiering som Meltzer, Bergen universitetsfond, SPIRE, Trond Mohn

Du lagar budsjett for slike søknader sjølv, men du kan spørje Kamilla, Tone og Silje om hjelp. Ikkje utsett budsjetteringa til siste liten!

Under finn du nyttige nettsider og råd om korleis du budsjetterer for ulike aktivitetar:

Møtemat

Her finn du UiB sine eigne retningslinjer for bevertning (mat og drikke under møter og konferansar).

Du kan også ta ein kikk på  Statens reiseregulativ for reiser innanlands og utanlands. Klikk deg inn på sidene statens satser for reiser innenlands og statens satser for kostgodtgjørelse utenlands for å kalkulere kva du skal budsjette for ulike typar måltid.

Møterom i Bergen

Hugs at alle UiB sine tilgjengelege lokale kan brukast gratis. Kontakt Silje eller Kamilla med detaljar om kva type rom du ønskjer (storleik, fasilitetar, plassering på universitetsområdet, tid, o.l.), så reserverer vi for deg.

Dersom du ønskjer å vite prisar for andre lokale i Bergen kan du kontakte Kamilla, som i skrivande stund (mars 2022) har byrja å lage ei oversikt over kapasitet og kostnader for ulike lokale (til dømes Litteraturhuset, Kulturhuset, KODE) eller Silje, som kan sjekke prisar for møterom på lokale hotell. Dersom du vurderer eit lokale som ikkje fins i oversikta, sjekk nettsida deira eller kontakt dei direkte for eit prisoverslag.

Reise

Det er ingen faste, anbefalte summar frå UiB når det gjeld budsjettering av reisekostnader, så vi anbefalar at du søker etter billettprisar via nettsida til aktuelt fly- eller togselskap og legg inn tidsrommet du ser for deg å reise/planlegg arrangementet ditt. UiB brukar Berg-Hansen til å kjøpe flybillettar (og togbillettar for nokre reisemål). Når du kjem så langt, hugs å be Silje om å gjennomføre det faktiske kjøpet av billettar for alle deltakarar som ikkje er tilsett ved UiB - les om dette her.  Du må kjøpe eigne billettar via Berg-Hansen og få pengane refundert.

Med tanke på tog og bussar i Noreg og til enkelte internasjonale reisemål kan du sjekke prisar på Vy. Omio ser ut til å vere eit nyttig verktøy med tanke på internasjonale togreiser dersom du ikkje finn prisar/billettar ved å søke Berg-Hansen eller Vy.

Eit råd: Prøv å velje ein sum ein stad mellom billegaste og dyraste billett når du budsjetterer. 

Dersom du er særs travel kan du be Kamilla om å søke for deg, men ver snill og ta kontakt i god tid før fristen dersom du treng hennar hjelp.

Overnatting

Som med reisekostnader er det ingen faste, anbefalte summar frå UiB for budsjettering av overnatting, men i skrivande stund (mars 2022) var alle i administrasjonen einige om at 1500 kr per person per natt er eit rimeleg estimat. Merk likevel at hotellrom kan vere dyrare enn vanleg visse tider på året, så det er lurt å sjekke nokre hotellprisar for den perioden du tenker å reise/planlegg arrangementet ditt, eller sjekke med Silje kva eit hotellrom kostar i aktuell periode.

Eit generelt råd

I tilfelle du synes det er vanskeleg å budsjettere for kvar kategori (eller har dårleg tid) har økonom følgande råd:

Start med totalsummen (anten makssummen det er mogleg å søke om eller kostnaden for tilsvarande, tidlegare arrangement), skildre aktivitetane per budsjettlinje, og fordel totalsummen så jamt du kan på budsjettlinjene.

Eit døme:

A simple budget set-up
Foto/ill.:
UiB