Hjem

Kvalifiseringsprogrammet for tannleger med utd utanfor EU/EØS-området

Har du tatt odontologisk grunnutdanning utanfor EU/EØS-området? Med dette studieprogrammet får du tilpassa utdanninga di frå utlandet med norsk, integrert master i odontologi. Det er behov for tannlegar i Norge, og med denne utdanninga kan du jobbe som tannlege i enten offentleg eller privat sektor.
  • Lengde1,5 år
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng90

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På studiet vil du lære korleis odontologi vert praktisert i Noreg, kva forsking som ligg til grunn for denne praksisen, og kva nasjonale tannhelseforebyggande tiltak som blir prioritert. Ved å gjennomføre denne utdanninga vil du bli betre integrert både i det norske fagmiljøet og kulturelt og sosialt i det norske samfunnet. 

Gjennom dette studieprogrammet får du brukt og vidareutvikla fagkompetansen din på ein fagleg, pasientsikker måte. 

Les heile lista over læringsutbytte

Studiekvardag 

På dette programmet får du eit opplegg tilpassa ditt faglege utgangspunkt og progresjon. Dei avsluttande prøvene blir fastsett etter ei vurdering per fagområde. Studentar som har tatt denne utdanninga sette pris på 

  • fagleg utbytte med bratt læringskurve 
  • inngang til norsk arbeidsliv etter riktig fagleg nivå 
  • lettare integrering i det norske samfunnet med større forståing for norsk tankegang og kultur 

Du må rekne med eit tett undervisningsprogram med fulle arbeidsveker. Det du vil bruke mest tid på, er klinisk pasientbehandling. I løpet av studiet har du òg 10 heile dagar i praksisteneste ved DOT Vestland i andre semester. Utover dette bruker vi ulike læringsformer som forelesingar, seminargrupper, laboratorium og praktiske øvingar, i tillegg til sjølvstudium.  

Du kan bli med i ei av forskargruppene ved Institutt for klinisk odontologi eller andre miljø ved Det medisinske fakultet.   

Retningslinjer vedrørende arbeidstøy under studiet: Studentene skal bruke arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene. Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort arm for å sikre adekvat håndhygiene. Religiøse hodeplagg som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy. Alt arbeidstøy eies av Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til studentene. Mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk finner du her.

Kva kan du jobbe som? 

Med denne utdanninga får du jobbe som tannlege i Noreg i enten offentleg eller privat sektor. Det er behov for tannlegar, spesielt i distrikta, så det er vanleg å få jobb etter dette studiet. 

Når du har fullført og bestått programmet, må du søke om å bli autorisert som tannlege på nytt. Helsedirektoratet har meir informasjon om autorisasjonsordninga. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Institutt for klinisk odontologi lyser ut opptak til Kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning utanfor EU/EØS og Sveits.   

Planlagt studiestart: august 2024  

Opptaket opnar 7. juli 2023   

Søknads- og dokumentasjonsfrist: 1. september 2023 

Søknad 

Du søker elektronisk gjennom SøknadsWeb, og all relevant dokumentasjon skal lastast opp som vedlegg. Søknader som vert sendt  inn utanom SøknadsWeb, vil ikkje bli behandla.  

Formelle opptakskrav 

  • Odontologisk grunnutdanning: Det er ein føresetnad at grunnutdanninga har blitt vurdert av autorisasjonsmyndigheitene (Helsedirektoratet). Dersom vurderinga viser eit moderat avvik frå norsk utdanning i odontologi, kan Kvalifiseringsprogrammet vere eit eigna tiltak for seinare å få innvilga norsk autorisasjon som tannlege. Vurderinga og konklusjonen til Autorisasjonsmyndigheitene vil ligge til grunn for IKO si vurdering av den som søker opptak til Kvalifiseringsprogrammet.  
  • Språkkrav i norsk og engelsk. Krava er som for Samordna opptak. Det er anledning til å ettersende dokumentasjon om oppfylte språkkrav. Fristen for ettersending er sett til 15. januar 2024. Du må spesifisere i eige vedlegg til søknaden at du vil ettersende dokumentasjon på oppfylt språkkrav og kunne dokumentere deltaking på eventuelt språkkurs. NB! Ver merksam på at Helsedirektoratet har eigne og strengare krav til oppfylt språkkrav for å kunne innvilge autorisasjon på eit seinare tidspunkt. Set deg godt inn i desse krava før du søker.  
  • Norsk bustadadresse på søknadstidspunktet.  

Opptaksprosessen 

Fyller du dei formelle opptakskrava, blir du kalla inn til første del av ei opptaksprøve.   

  • Del 1, Praktisk del: Her utfører du oppgåver på plasttenner med skriftleg grunngjeving for korleis du har løyst oppgåvene. Dersom du oppnår minst 40% av moglege poeng, vil du få tilbod om å ta:   
  • Del 2, Teoretisk opptaksprøve: Prøve i kliniske fag med noko innslag av pre- og parakliniske problemstillingar. Prøvaer digital. Dagen etter blir du bedt om å møte til:  
  • Del 3, Intervju: tek utgangspunkt i utdanninga di, erfaringa du har som tannlege, norsk formuleringsevne og forståing, motivasjonsgrad, klinisk erfaring og lengde på fråvær frå klinisk praksis, interesse for odontologi generelt (framtidsutsikter) og svar på del 1 og 2 av opptaksprøva.  

Alle delar av opptaksprøva er på norsk, og alle delar (1-3) av opptaksprøva tel likt.  

Dersom du er blant dei inntil åtte søkarane med best resultat, vil du få tilbod om opptak til programmet. Opptaksprosessen tar vanlegvis eit halvt til eit heilt år, og opptaket blir derfor avslutta i løpet av våren 2024. 

Studiets oppbygging 

Studiet er eit fulltidsstudium på 90 studiepoeng. Programmet har oppstart kvart 1,5 år, vekselvis i januar og august. Ved studiestart i januar vil neste kull starte i august året etter. Undervisninga er på norsk og svensk, mens litteraturen er på norsk og engelsk. Alle delar av studiet er obligatoriske, med unntak av forelesingane. Alle emne og alle aktivitetar  må vere godkjent før ein kan gå opp til avsluttande eksamen.  

Studiet går over 1,5 år og består av desse elementa: 

  • praktisk ferdigheitstrening i kliniske fagdisiplinar  
  • teoretisk tilpassa seminar i 12 fagområde 
  • tverrfaglege kurs og seminar som smittevern, førstehjelp, fleirkulturell samhandling, kommunikasjonstrening, klinisk fotografering, OPUS journalsystem  
  • 10 dagars praksisteneste ved DOT Vestland  
  • klinisk pasientbehandling  
  • avsluttande teoretiske prøver i 11 fagområde, samt diverse delprøver  
  • avsluttande kasuseksamen over 1,5 dagar 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studieprogrammet. 

Vidare studiemoglegheiter 

Etter kvalifiseringsprogrammet kan du gå vidare til doktorgrad. For å kunne søke opptak til ph.d.-programmet kan du for eksempel først søke deg til spesialistutdanning og deretter søke om opptak til doktorgradsutdanninga.  

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 61 86  

E-post: else.fredriksen@uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast. 

Studieplan  

Reglement

Her finner du utfyllende studiereglement for dette studieprogrammet.