Avtale om tilgjengeleggjering av masteroppgåve i BORA
Informasjon og avtale om tilgjengeleggjering av masteroppgåve i Nasjonalt vitenarkiv (NVA).
Hovedinnhold
Alle masterstudentar ved Universitetet i Bergen vert oppfordra til å gjere masteroppgåva si tilgjengeleg i NVA. Universitetsbiblioteket får ikkje den trykte oppgåva, så NVA er den einaste staden oppgåva kan gjerast tilgjengeleg for andre.
Fordelar med å gjere masteroppgåva tilgjengeleg i NVA:
- Du kan spreie oppgåva di til andre på ein enkel og effektiv måte.
- Oppgåva vil verte søkbar gjennom nasjonale og internasjonale søkemotorar og bibliotekkatalogar.
- Oppgåva får ei permanent lenke som vil gje tilgang til oppgåva også i framtida.
Klarering av rettigheiter:
Har du bilete teke av andre i oppgåva? Ver merksam på at det er ditt ansvar å klarere rettigheitene til desse. Du må spørje om løyve til å bruke andre sine bilete, dersom det ikkje er gjeve løyve gjennom ein lisens som fylgjer med biletet (t.d. Creative Commons).
Publisering:
Skal du publisere oppgåva som bok eller artikkel hjå eit forlag? Då må du sjekke utgjevar sine retningsliner for tilgjengeleggjering i eit institusjonelt/nasjonalt arkiv (som NVA) før du legg ho ut. Nokre utgjevarar tillet ikkje at bidraget også er tilgjengeleg i eit institusjonelt arkiv.
Hausting av metadata frå NVA:
NVA vert hausta av søkemotorar og bibliotekskatalogar, for at innhaldet i NVA skal verte søkbart også der. Dersom oppgåva vert trekt tilbake frå NVA, kan det ta noko tid før informasjonen om oppgåva vert vekke frå eksterne nettsider. Informasjonen vil verte fjerna neste gong søkemotoren/katalogen haustar NVA.
Masteroppgåva vert gjort tilgjengeleg under fylgjande føresetnadar:
- Avtalen gjeld mellom Universitetsbiblioteket (UB) og forfattar.
- Avtalen gjev UB, på vegne av Universitetet i Bergen (UiB), rett til å tilgjengeleggjere forfattaren si masteroppgåve i NVA.
- Alle oppgåver vert tilgjengelege med forfattar sitt namn, dette gjeld også oppgåver med anonym sensur.
- Forfattar beheld opphavsretten, og har rett til når som helst å trekke tilbake masteroppgåva si frå NVA.
- Oppgåva vil vere opent tilgjengeleg på internett så lenge UiB har ei teneste for ope arkiv. UiB har rett til å overføre og gjere tilgjengeleg oppgåva i eit anna arkiv med same føremål som NVA, dersom eit slikt arkiv erstattar NVA i framtida.
- Forfattar har ansvar for å klarere rettigheitene til materiale i oppgåva (illustrasjonar, grafar, bilete og liknande).
- Oppgåva kan brukast innanfor dei rammene som lov om opphavsrett til åndsverk gjer. Verket kan visast til, lenkast til og siterast frå. Det kan skrivast ut og lastast ned berre til personleg bruk. Brukarar må kreditere korrekt.
- UiB kan ikkje utnytte verket økonomisk.
Versjon 1.4 (gjeldande frå 28.11.25)