Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Bionor Pharma ASA ved Maja Sommerfelt

Siste gjest på karrieredagen var Maja Sommerfelt fra Bionor Pharma. Selskapet forskar og utviklar vaksiner for fleire virus.

Hovedinnhold

Maja Sommerfelt jobbar som Chief Scientific Officer ved Bionor Immuno AS i Skien. Bionor Immuno AS (starta i 2000) blei kjøpt av Nutri Pharma ASA i 2010. Selskapet er basert på forsking og utvikling av peptid-baserte vaksiner mot HIV, hepatitt C (HCV), humant papillomavirus (HPV) og influensa. Nutri Pharma har vore notert på Oslo Børs sidan 2000 og endra navmn til Bionor Pharma i samband med oppkjøpet.

Vaksineutvikling er viktig for å hindre spreiing av virusinfeksjonar og eventuelle pandemiar. Vaksinedesign er verdsomfattande og viktig for mennesket sin kamp mot mikrobane. Bionor Pharma ASA engasjerer molekylærbiologar som har evne til å tenke sjølv og bidra til å utvikle verksemda, uavhengig av utdanningsnivå. Det å forstå den molekylære strukturen til virus er ein viktig førsetnad for vaksinedesign.

For å designe og analysere vaksiner er det naudsynt det bidrag frå fleire fagfelt, m.a. molekylærbiologar og molekylærbiologiske metodar. Hos Bionor Immuno AS analyserer molekylærbiologar vaksiner både in vitro og in vivo. Når slike prekliniske analysar er gjennomført går lovande kandidatar til den kliniske fasa av utvikling med gjennomføring av kliniske studiar. Generelle vaksiner danna av peptid kan via intradermal overføring gi gode langvarige immunresponsar, både cellulært og humoralt. Som førebyggjande vaksine kan dette styrkje immunresponsen for å få betre kontroll på infeksjonen. Peptidvaksinar kan gi langvarig immunologisk hukommelse, opp mot 10 år. Slike vaksinar kan bli brukt verda rundt, sjølv i fattige land.

”Siden det eksisterer både human og viral diversitet er vaksinedesign både krevjande og kreativt. Ein får utvikla seg i takt med viruset si utvikling. Kontinuerlig og hurtig. ”  - Maja Sommerfelt