BerGenBio ved Endre Kjærland, PhD
Hovedinnhold
Endre Kjærland tok hovudfag i molekylærbiologi hos professor Johan R. Lillehaug på Molekylærbiologisk institutt, og fullførte doktorgraden i 2009 ved Institutt for biomedisin. Han jobbar no i BerGenBio AS, ei biofarmasøytisk forsking og utviklingsverksemd. Kjærland presiserer at det er viktig å lære seg ulike metodar, og at det la grunnlaget for at han no jobbar i BerGenBio AS.
BerGenBio AS blei grunnlagt i 2007 av to vitskapleg tilsette ved Institutt for biomedisin, og er slik ein «spin-off» frå universitetsmiljøet. Verksemda har kontor og laboratorium med inkubatorfasilitetar ved Institutt for biomedisin. Målet er å skape eit internasjonalt bioteknologiselskap og naturlegvis arbeidsplassar i Bergen. Per i dag jobbar ni forskarar i Bergen, og i tillegg har selskapet åtte konsulentar i San Fransisco, England og Italia.
Kjærland jobbar hovudsakleg med kontorarbeid, og er lite i laboratoriet. Han jobbar med patentering av aktuelle målstoff, distribusjon og søknadar av ulike slag. Det blir også ein god del møter med tilsette i firmaet og samarbeidspartnerar.
BerGenBio brukar CellSelect til å finne ulike molekylære «targets» eller målstoff (oftast kinaser) som dei deretter får verifisert viktigheita av. CellSelect RNAi blir brukt for å slå ned genar for «drug discovery» og validering, og CellSelect Imaging/Modeling/Screening osc for å validere funna. Når dei så har funne eit validert målstoff byrjar arbeidet med å finne eit virkestoff. Dette gjer ikkje BerGenBio sjølv, men arbeidet blir gitt til ein samarbeidspartner. Det finst mange firma som driv med kjemisk syntese eller som har bibliotek mot ulike kinaser. BerGenBio jobbar for tida mot onkologi, men teknologien kan i prinsippet blir brukt på fleire områder.
