Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Statoil ASA ved Bjørn Ove Jansen

Ein molekylærbiolog kan neppe jobbe innan oljesektoren. Eller kan vi det? Bjørn Ove Jansen, biolog, representerte Statoil på karrieredagen for molekylærbiologar.

Hovedinnhold

Bjørn Ove Jansen representerte Statoil på Heliks sin karrieredag 8. mars. Han har mastergrad i ferskvatnsøkologi og byrja i Statoil for tre år sidan, der han jobbar med miljø og CO2-utslipp. Før dette hadde Jansen fleire jobbar i blant anna Hardangervidda Natursenter i Eidfjord, Grøn Hverdag, SAR og prosjektleiar i EnPro der han jobba med CO2-håndtering.

Statoil har 20000 tilsette og er representert i 34 land. Jansen la vekt på at eit så stort selskap betyr at man som tilsett kan bytte jobbar internt i selskapet i staden for å bytte verksemd. Det er dessuten mogleg å jobbe i andre norske byar eller utlandet i ei periode. Det er derfor mogleg å få seg jobb i ei internasjonal posisjon. I tillegg til å by på spennande jobbutfordringar kan Statoil også by på mange gode velferdstilbod og ordningar for tilsette som firmahytte og sport.

I tillegg til å vere eit olje- og gass selskap har Statoil også eit stort søkjelys på helse, miljø og sikkerheit (HMS). Statoil har blant anna eit eige HMS-kompetansesenter.

Arbeidsoppgåvene til Jansen i Statoil er blant anna kjemisk klassifisering og behandling av kjemikalier. Han deltek også i spørsmål om utslepp av produsert vatn frå oljeplattformane og miljøpåverknad av polymerer som blir brukt i oljeboringa. Statoil tek prøver frå havbotnen før og medab oljeplattformen er i bruk, og etter at plattformen er fjerna. På denne måten kan Statoil overvåke miljøet og kartleggje eventuelle endringar. Statoil ønskjer også å kartleggje dyrelivet og faunaen på havbotnen, både for å drive miljøovervåking og identifisere nye felt. Det kan faktisk vere mogleg at sjødyr uttrykkjer spesielle gen og protein når dei er i nærleiken av oljerike områder, medan sjødyr som ikkje lev i områder med olje ikkhe har det same genutrykket. Dette er eit nytt forskingsområde for Statoil og kan vere aktuelt for molekylærbiologar.

Korleis får ein jobb hos Statoil? Jansen presiserte at ein ikkje må se restriksjonar ved å vere utdanna molekylærbiolog, for som molekylærbiolog har ein god og tverrfagleg bakgrunn. Statoil har mange ulike stillingar som krev ulik kompetanse. Det er derfor ikkje eit krav at ein skal vere spesialist innan olje og gass. Jansen anbefaler at ein har fullført mastergrada, og at ein som jobbsøkjar gjerne har noko som gjer ein unik. Hovedvegane inn til Statoil er å vere tilsett hos ein av Statoil sine leverandørar eller vere registrert i eit konsulentselskap. Det er også mogleg at nyutdanna får jobb hos Statoil. Hugs at utlysingstekstane er rettleiande. Konsentrer deg derfor på kva du kan tilby arbeidsgivaren.

Aktuelle stillinger for oss med bakgrunn fra molekylærbiologi:

  • Forskning og utvikling (Trondheim)
  • Laboratorier offshore
  • Porsgrunn, Rotvoll og Mongstad har store laboratorium
  • HMS kompetansesenter, felles for konsernet
  • Miljøkoordinator, yrkeshygieniker, kjemikalieansvarlig og ingeniør for teknisk sikkerhet
  • Oljevern, forvitringsstudier